Å gå langs hyllene og kjenne drama, kunnskap og fantasi stråle ut frå bokhylla på eit bibliotek er ei utruleg god kjensle.

 

 

Eg vaks opp i ein munnleg forteljartradisjon. Mamma fortalde”Bukken som ikkje ville ut av erter-åkeren” og sang ”Kjære gud eg har det godt” på sengekanten kvar kveld. Vi hadde ikkje mange bøker heime, så det lokale biblioteket i Vadheim var viktig for meg. Eg leste mest alle bøkene på det vesle biblioteket – ”Otto Sylvhand”, ”Randi til rors”, ”Kristin Lavransdatter” og ”Sveve over vatna”. Det beste eg viste var å lese! I dag har eg framleis det same suget etter god litteratur. Edvard Hoem sin slåttekar, dikt av Kjersti, forteljingar frå Narnia og teikneseriar av Inkalill. Eg er altetande og uendeleg glad i historier! Vigdis Longva på Høyanger vidaregåande skule, såg kor viktig litteraturen var for meg, og gav meg søknadspapira til bibliotekhøgskulen. 4 år seinare var ho med på å tilsetje meg som biblioteksjef i Høyanger. I haust tok eg over stillinga som biblioteksjef ved Førde bibliotek.  Å arbeide i bibliotek vil ikkje seie at ein kan sitje i ein krok å lese, sjølv om ein er aldri så glad i litteratur! Eg seier som Kristin Danielsen, biblioteksjef i Oslo  – biblioteket handlar ikkje om bøker, vi er til for mennesket. Bibliotek er meir enn bokreolar! 40% av dei som besøkte eit bibliotek i fjor lånte ikkje bøker.

På biblioteket finn du historia, kulturarven, ny og gamal kunnskap. Samfunn i endring treng institusjonar som biblioteket med tradisjonar for fordjuping og refleksjon. Vi treng eit rom der vi kan stenge verda ute. Eit rom for dei som bur og veks opp i små grender, med kunnskap om alt det fantastiske som er der ute! Vi treng bibliotektilsette med kompetanse og hjarte for litteraturformidling. Nokon som kan rettleie i jakta på store lesegleder og ny kunnskap. Norske bibliotek hadde 21,5 millionar besøk i fjor. Innbyggjarundersøkinga  laga av Difi (Direktoratet for forvalting og IKT), viser at biblioteka er den mest populære offentlege tenesta i Noreg. Dei aller fleste biblioteka i landet vårt er mye brukt, godt likt og får mykje ut av små ressursar. Utlånet er høgt, samstundes som biblioteka omstiller seg og får nye digitale tenester som ebokbib og Filmrommet. Trass i dette stiller mange spørsmål ved framtida til biblioteket. Treng vi bibliotek når alt er på Internett? Ideen om bibliotek er sterkt knytt til utlån av papirbøker. Biblioteket må tilpasse seg samfunnet i dag, samstundes som vi byggjer på århundre med erfaring og kunnskap.

Biblioteket vil framleis være ein stad for utlån av bøker, musikk, film og andre kjelder til kunst og kunnskap. Men vi ser allereie no at utlån vil skje både på fysiske og digitale plattformer. Framtida er vanskeleg å spå, men eg ser at dei unge framleis har eit nært forhold til papirbøker. Den største skilnaden på biblioteka sin situasjon i dag, og då folkeboksamlingane kom på 1800-talet er ikkje digitale media, men samfunnsutviklinga.  Tilgang til kunnskap i form av bøker og utdanning for hundre år sidan var heilt naudsynt, og nøkkelen til et betre liv. Det var eit krav frå arbeidaren, bønder og ikkje minst oss kvinner om å få tilgang til kunnskap og litteratur. Noreg i dag er ikkje prega av at allmenn kunnskap er naudsynt. Litteraturen konkurrerer med ei heil rekkje anna tidsfordriv. Pisa og andre leseundersøkingar viser at lesekunnskapen i dei vestlege landa går ned.  Sjølv om kunnskap, folkeopplysning og innsikt i andre menneske sitt  liv gjennom å lese, er like viktig som før. Biblioteket er ein viktig institusjon i samfunnet for å motverke denne utviklinga. Biblioteka treng aktive formidlarar av litteratur, kunnskap og kultur. Eg trur at rolla som folkeopplyser,  sjølve grunnideen til boksamlingane på byrjinga av 1800-talet vil være like viktig i framtida. Folkeopplysning i samfunnet, kor biblioteket er ein del av grunnmuren i demokratiet og sentralt i det norske kulturlivet er ein god bibliotekstrategi for framtida. Moderne bibliotek er ein digital kunnskapsressurs. Frå biblioteket skal ein få tilgang til kunnskap og kultur ein elles må betale for, eller ikkje kan få. Ein moderne bibliotekar vil ikkje kunne erstattast av Google, men kunne gje deg som bibliotekbrukar hjelpa Google ikkje greier.

Biblioteklova slår fast at biblioteket skal fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom aktiv formidling og stille bøker og andre media gratis til disposisjon.  Lova seier og at biblioteket skal være ein uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Eit nytt samfunnsoppdrag for alle små og store bibliotek i Noreg. Biblioteket skal være ein kulturinstitusjon som lagar arrangement, ein debattarena som utviklar og utvider demokratiet, og ein læringsarena som spreier og deler kunnskap. Gode bibliotektenester er ikkje avgrensa til biblioteket sitt lokale. Bibliotektenestene skal ut til alle innbyggjarane. Førde bibliotek har heimelånarar, skulebesøk og besøk på sjukeheimar, arrangement-samarbeid med utestaden Pikant, nabokommunane og Nynorskbyen Førde.

Dei siste åra har innvandringa til fylket auka, og biblioteket er viktig for våre nye innbyggjarar. 93 prosent av alle flyktningar som kjem til Noreg vitja eit bibliotek i løpet av dei første månadene i landet.  Eg er einig med fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen som seier at biblioteka vil ta godt imot dei 470 flyktningane som kom til fylket vårt i 2015. Men mange bibliotek i fylket er små, har få tilsette og lita opningstid. Det er viktig å styrke biblioteka som møteplass for desse brukarane. Biblioteket er ein viktig døropnar til norsk språk, kultur og samfunnsliv. Som møteplass i lokalsamfunnet kan biblioteket byggja ned barrièrar, fordi det er gratis, og det er ope for alle. Då er det viktig at ein ikkje bygg ned biblioteka men satsar på utvikling og kompetanse.

Som leiar av Bibliotekforeninga i fylket og styremedlem i The International Federation of Library Associations and Institutions(IFLA) i seksjon for barn og ungdom har eg besøkt bibliotek i Cape Town, Moskva, Stavanger og dei fleste biblioteka i Sogn og Fjordane. Biblioteka er sentrale institusjonar i store metropolar og i små bygder. Størrelse og talet på tilsette varierer, men biblioteket som møteplass er like viktig alle stader. Inspirasjon i kvardagen, og utvikle seg gjennom kunnskap og informasjon er viktig for alle menneske. Då er det ikkje størrelsen som tel, men kva biblioteket kan gje den.