Då Brynjulf Jung Tjønn tidlegare i vinter fekk P2-lyttarane sin romanpris uttalte eitt av jurymedlemmene seg slik om vinnarboka «Kvar dag skal vi vere så modige»:

 

«Jeg håper at hvis jeg noen gang havner i en situasjon senere i livet hvor jeg observerer et barn som har det som Isak, at jeg, basert på å ha lest den boka, ser det, og skjønner det. Og undersøker det, kanskje. Og gjør noe med det.»

 

Stadig kretsar Brynjulf Jung Tjønn kring barnet som freistar å ta seg fram i tilveret under dei vilkåra som uforskyldt gjeld. Å lese bøkene hans blir ei øving i å sjå kvarandre med interesse og omsorg, og med ei erkjenning av kor stor og samansett sannheita er, om ho finst.

 

I forfattarskapen finst mange forteljingar om å finne krefter til å handtere livet, slik det er. Eit anna tema er velsigninga som finst i sjansen vi alltid har til å hjelpe kvarandre.

 

I samtale med Silje Sørebø vil Brynjulf Jung Tjønn komme nærare inn på drivkreftene i skrivinga, med særleg vekt på den nyaste romanen sin når han vitjar Rom for ord i Vassenden kyrkjesenter 1. september. Kyrre Eikaas Ottesen les utdrag frå boka. Musikalske innslag ved Erlend Os.

 

 

 

Etter ein regnfull sommar har vi lov å håpe på ein solrik haust. Bokhausten kan kan vi heldigvis alltid lite på. Vi finpussar det litterære haustprogrammet vårt for lansering 1. september, men let denne programrekka gå som ein tjuvstart frå 23. til 26. august, medan seinsommaren endå kan glimte til med sol og varme.

Stryn, Førde, Fjærland og Vereide står på lista over stoppestadar for Une Cecilie Oksvold og hennar inspirerande forteljing om det mentale pusterommet som finst i naturen, for alle:

Angst og depresjon har vore ein del av tilveret til Une Cecilie sidan barndommen. Midt i 20-åra sat ho heilt fast i angsten. Beskjeden frå legen var klar: Kom deg ut på tur. Sidan den gongen har ho vore ein aktiv friluftsfersking med ei bratt læringskurve. – Når eg er ute i naturen greier eg å vere tilstades. Eg får ei ro eg ikkje finn andre stader, seier ho.

I dette foredraget deler ho historia si om å finne vegen opp frå sofaen og inn i naturen. -Du treng ikkje gå langt, vere tøff eller har ha mykje, dyrt utstyr for å få dei største naturopplevingane, forklarer forfattaren. Eit lavterskel friluftsliv kan også gi meistringsopplevingar og ha ein terapeutisk effekt for kvar enkelt av oss.

Une Cecilie Oksvold deler ærlege, inspirerande erfaringar om å la naturen bli ein viktig støttespelar i livet, slik ho utdjupar i boka «Frilufstfersking» som ho signerer for sal etter foredraget.
Foto: Harald Wanvik

Ei musikalsk juleforteljing for heile familien 

 

Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora er redd for at mamma ikkje vil kjenne henne att med eit anna hjarte enn sitt eige.

 

Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen!

 

I den musikalske juleforteljinga «Eit hjarte til jul» les Line Dybedal frå biletboka med same namn. Låtskrivaren frå Nordfjord debuterer som barnebokforfattar med denne boka. Til framsyninga har ho laga fem nye songar som glitrar og funklar saman med den stemningsfulle og hjartevarme historia.

 

Line Dybedal les, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander. Han rammar inn forteljinga med musikalske stemningsbilete. Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad. Line Renslebråten sine illustrasjonar blir viste i stort format som ein del av scenografien.

 

Den musikalske juleforteljinga er utvikla på initiativ frå Rom for ord, i samarbeid med Teater Vestland og med støtte frå Norsk kulturråd. Regien er ved Idun Losnegård og lysdesign er ved Krystian Myska. Produsent er Silje Søgnesand. Framsyninga frå  première om bord i Det flytande litteraturhuset Epos tysdag 16. november 2021 i Bekkjarvik. Deretter turnerer den med bokbåten fram til 24. november. Seinare vert framsyninga vist på fleire scener i Sunnfjord og Nordfjord før den har teppefall på «Jul i Førdehuset» 18. desember.

 

 

 

Til Førdefestivalen 2021 skreiv forfattar Marianne Clementine Håheim fram biografiske forteljingar om slåttekjeldene til felespelar Britt Pernille Frøholm. I ei lyrisk og utforskande form fekk vi sjå dei stige fram frå skuggane og svart kvitt bileta, og bli menneske vi kunne forstå, kjenne oss nær og kjenne oss att i. Regi var ved Idun Losnegård. […]