Eit hjarte til jul
Når snøen legg seg langt nedetter fjellsidene kjennest fint å fortelje at vi frå midten av november kan ynskje velkomne til ei heilt ny musikalsk juleforteljing for heile familien!
EIT HJARTE TIL JUL
Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora er redd for at mamma ikkje vil kjenne henne att med eit anna hjarte enn sitt eige.
Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen!
I den musikalske juleforteljinga «Eit hjarte til jul» les Line Dybedal frå biletboka med same namn. Låtskrivaren frå Nordfjord debuterer som barnebokforfattar på Det Norske Samlaget med denne boka. Til framsyninga har ho laga fem nye songar som glitrar og funklar saman med den stemningsfulle og hjartevarme historia.
Line Dybedal les, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias K Marstrander. Han rammar inn forteljinga med musikalske stemningsbilete. Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad. Line Renslebråten sine illustrasjonar blir viste i stort format som ein del av scenografien.
Den musikalske juleforteljinga er utvikla på initiativ frå Rom for ord, i samarbeid med Teater Vestland og med støtte frå Kulturrådet. Regien er ved Idun Losnegård og lysdesign er ved Krystian Myska Produsent er Silje Søgnesand
Framsyninga har première om bord i Det flytande litteraturhuset Epos tysdag 16. november i Bekkjarvik. Deretter turnerer den med bokbåten fram til 24. november. Seinare vert framsyninga vist på fleire scener i Sunnfjord og Nordfjord før den har teppefall på «Jul i Førdehuset» 18. desember.