Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette event har allerede funnet sted.

Eksklusivt: Lech & Wallumrød

27. October 2017 @ 20:00 - 21:30

 

Siste helga i oktober gjer artisten ein eksklusiv turne for Rom for ord, saman med David Wallumrød. Også han er rekna for å vere mellom våre aller fremste musikarar, ein trollmann på tangentar. Ikkje i fremste rekke, men i bandet bak artistar som Odd Nordstoga, Bjørn Eidsvåg, Maria Mena og Jarle Bernhoft er han eit førsteval.

 

Beate Lech har i mange år vore frontfigur i det internasjonalt kritikarroste bandet ”Beady Belle”, men gav i fjor ut soloplata ”On my own” . Til det ein kan lese som ståande applaus frå eit samla kritikarkorps synte ho på nytt ei eineståande musikalsk formidlingsevne i komposisjonar som foreinar jazz, afroamerikansk soul, norsk salmetradisjon og fleire andre inspirasjonskjelder.

Når ho kjem til Operagarden denne fredagskvelden er det med eit kresent utval av dei songane som har betydd aller mest for henne gjennom karrieren, i eit heilt spesielt intimt og nært format der songteksten får stort rom. Også nynorske lyrikarar som Hilde Myklebust og Bente Bratlund har Beate Lech tonesett. Song etter song opnar ho dører innover i livet, som om ho ser deg. Og syng om deg.

 

Billettar: https://villaamot.ticketco.no/lech__wallumroed

Etter konserten tapas med lokale smakar. Kokk Christel Eide, Mitt Lille Kjøkken.

Meny og bordbestilling: www.villaamot.no

Detaljer

Dato:
27. October 2017
Tid
20:00 - 21:30
Kategori for Arrangement:

Sted

Åmot operagard

Detaljer

Dato:
27. October 2017
Tid
20:00 - 21:30
Kategori for Arrangement:

Sted

Åmot operagard