Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette event har allerede funnet sted.

Festkveld for ny Førdebok

19. October 2017 @ 19:00 - 21:00

Førde rundar tjue år som by i 2017. Det er kanskje uvanleg å lage bøker om så korte byhistorier. Men i Førde sitt tilfelle er det gode grunnar for å gjere nettopp det. Her er dei siste tjue åra er berre toppen av ei samanhengande forvandling frå 1950-talet. Det vesle bygdesenteret har fullstendig skifta ham, på ein måte som stikk seg fram også nasjonalt.

Slik skriv forfattar Arne Aasland i forordet til boka ”Førde blir by”. Tiår for tiår, frå femtitalet og fram til i dag, skildrar boka Førde si utvikling. Gjennom over 200 bilder og kring tusen kulepunkt for utvalde hendingar, eller stoda på ulike felt, gjev den eit samansett, men likevel oversikteleg og grundig bilde av den reisa Førde har vore med på.

– Samtidig, seier ordførar Olve Grotle i si helsing til lesaren, har det vakse fram ein raus og inkluderande førdepatriotisme, som boblar over av entusiasme over alt ein har fått til i felleskap i Sunnfjordbyen. Det beste av alt er likevel at dette er ei reisebok skriven undervegs i reisa. For Førde har mange, mange spennande år framfor seg, avsluttar Grotle.

I jubileumsåret for byen vår er det særleg flott Selja forlag syter for at eit slikt bokverk vert gjeve ut! ”Rom for ord” er Nynorskbyen Førde si satsing på eit utvida litterært kulturtilbod, vi ser stort fram til å vere vertsskap for lanseringa av boka, seier prosjektansvarleg Janne Karin Støylen. Sjølvsagt må festen vere i Førde si eiga storstove, i Førdehuset, og denne gongen i ein festdekt festsal.

-Vi gler oss over eit variert og interessant program, der vi mellom anna møter noverande ordførar Olve Grotle og tidlegare ordførar Reidar Tveit i samtale, og der vi får sjå bilete frå det rikhaldige arkivet til Olav Reikvam, fortel programleiar for kvelden Hans Jakob Reite. Kaker og heimebaka kringle, kaffi og tid til drøs og prat ventar i bakkant av programmet. Forfattaren signerer boka for sal. Velkomne!

 

Tid og stad: Festsalen i Førdehuset torsdag 19 oktober kl 19.

Detaljer

Dato:
19. October 2017
Tid
19:00 - 21:00
Kategorier for Arrangement:
,

Arrangør

Rom for ord
Hjemmeside:
www.romforord.no

Sted

Førdehuset

Detaljer

Dato:
19. October 2017
Tid
19:00 - 21:00
Kategorier for Arrangement:
,

Arrangør

Rom for ord
Hjemmeside:
www.romforord.no

Sted

Førdehuset