Laster Hendelser

« All Events

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Forfattarbesøk av Arnfinn Kolerud

15. september 2018

Ein heilt vanleg dag vinn Frank og Mor i Lotto. – Rekka er alt for framtung, sa mor. Den kjem aldri til å gå inn. No er det aldri. Frank ser ut av vindauget. Der er alt som før. Gras med hus på. Hus med gras på. – Frank er 10 år gammal og vinn 24 millionar kroner, skriv læraren på tavla neste dag. Kor mykje kan han bruke kvar dag resten av livet om han blir 80 år?

 

Forfattar Arnfinn Kolerud

Ein heilt vanleg dag i tidlegare i vår, vann Arnfinn Kolerud Kulturdepartementet sin pris for beste barne og ungdomsbok for ”Snillionen”. Sjølv om det er langt mellom utgjevingane til Kolerud, er det tett mellom prisane. For debutromanen ”Berre ikkje brøyteplogen kjem” fekk han departementet sin debutantpris og for oppfølgaren ”Den som ikkje har gøymt seg no” fekk han både Nynorsk barnelitteraturpris og Kritikarprisen. Boka var også nominert til Brageprisen.

Boka «Snillionen» undersøker og utfordrar normer og verdiar, og bodskapen er klar nok. Den står ikkje i teksten, men skriv seg inn i lesaren. Latteren stilnar og det blir mørkt når Frank dreg den tredje hundre-lappen han har stole frå mora opp av shortsen for å kjøpe moro i Syden. Forfattaren let det vere nok plass igjen til at den som les kan få ta stilling til det som skjer i dialog med eigne erfaringar og refleksjonar. Det byggverket som røyser seg i samvitet då, står der og seier oss noko om korleis vi faktisk bør handle, når livet skal levast, ikkje berre lesast.

Humoren ligg over, under og mellom linjer og ord som om forfatteren inviterer lesaren til ein implisitt gøyme og leite-leik som ein bonus til sjølve forteljinga. Det er umuleg å ikkje fryde seg det somme tider løyndomsfulle, andre tider opplagte, enkelte gonger varsame og av og til nesten brautande i språkleiken som er så særmerkt for forfattaren Arnfinn Kolerud.

Detaljer

Dato:
15. september 2018
Hendelse Kategori:

Detaljer

Dato:
15. september 2018
Hendelse Kategori: