Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette event har allerede funnet sted.

Forfattarsamtalar med Håvard Rem

March 15 @ 16:30 - 17:30

Kva skjer med historia når kvinnene får fortelje? Møt Håvard Rem i samtale med Bodil Kvamme i forkant av teaterframsyninga «Maria, Jesu mor».

Innhald:
To tusen år og meir skil oss frå kvinnene i evangelia. Frå scena ser dei rett på oss, her og no i same rom. Dei ber fram si historie på ein måte som gjer at vi ikkje kan sjå bort. Om avstanden er stor i tid, er han desto mindre i liv og lagnad. Vi strevar med det same, framleis. Lengtar og håpar, på same måten.

Gjennom Håvard Rem sine monologar har publikum fått oppleve, ikkje berre ein, men to gonger, korleis dei kan stige ut av omkveda i bibelen. Når Teater Vestland no gjer klart for den tredje og siste forteljinga i triologien om kvinnene kring Jesus, er det hendingane i påska som er ramma for historia. Maria får endeleg ordet. Vi møter ei mor i sorg:

– Eg har sett son min døy. Eg stod der, på lang avstand, til dei kom og tok han ned. Eg trur det var han.

Kor vondt det må ha vore for Maria, kan vi ikkje verje oss mot å forstå, når ho vender seg mot oss. Like fullt er det ei stolt mor vi møter, ei mor som har sett tusenvis hylle son sin på veg inn til Jerusalem. Så er ho også usikker og tvilande. Den fine, gode guten hennar, kven var han? Det er så mykje ho ikkje forstår.

I forkant av framsyningane i Førde, Vevring og Viksdalen inviterer Teater Vestland og Rom for ord til eit møte med forfattaren Håvard Rem. I samtale med regissør Bodil Kvamme vil han fortelje nærare om arbeidet med å finne nye vinklingar og perspektiv på bibelhistoria.

-Har Håvard Rem hatt ei ynskje om å utfylle evangelia om Jesus ved å gje ordet til kvinnene? Korleis har dei inspirert han som litterære karakterar? Kvifor er forteljingane deira framleis gyldige, kva har dei å seie til oss i dag? Dette er noko av det eg vil spørje forfattaren om, seier teatersjef Bodil Kvamme og held fram: – Kva med geografien og det politiske spelet, kvifor held konfliktlinene seg så sterke? Eg er også nyfiken på det reint språklege. Mange ord og vendingar kan ha fleire tydingar, tru om vi kan ha misforstått noko av det som vart sagt kring krossfestinga? Eg har hatt stort utbyte av å drøfte desse spørsmåla med Håvard, og er glad for at vi i samarbeid med Rom for ord kan legge til rette for at han får dele refleksjonane sine med publikum, avsluttar regissøren for framsyninga Maria, Jesu mor.

Forfattarmøta i Førde, Vevring og Viksdalen er ein del av eit program-samarbeid mellom Teater Vestland og Rom for ord. Intensjonen er å gje eit utvida litterært kultur og debatt-tilbod i distrikta knytt til tema i teater-repertoaret. Arrangementa vert gjennomførte i samarbeid med lokale arrangørar på turnéruta. Denne gongen er både bibliotek, sokneråd, helselag og grendelag med som vertskap lokalt. Programmet er støtta av Fritt ord.

TID – STAD:

Viksdalen søndag 15. mars kl 16.30
Viksdalen bibliotek, bygdetunet
Kaffimat
Fri inngang

 

Detaljer

Dato:
March 15
Tid
16:30 - 17:30

Arrangør

Teater Vestland

Detaljer

Dato:
March 15
Tid
16:30 - 17:30

Arrangør

Teater Vestland