Laster Arrangementer

« All Events

Kunsten å komme heim

June 7 @ 15:00 - 16:30

- $100

Hallgeir Opedal er mellom våre mest omtykte portrett-journalistar, sist gjennom ei rekkje forfattar-portrett som podcast og seinare som antologi i serien «Bokpod». I fjor gav han ut boka «Heim – ei vandringshistorie» der han skildra turen frå Oslo heim til Odda, staden han kjem i frå. Turen gjekk til fots gjennom Telemark over Haukeli, der Opedal reflekterer over å høyre til, identitet og rotfeste, samt korleis landskap og samfunn er i endring langs ruta. Siri Helle er aktuell med boka «Med berre nevane» der ho til liks med Opedal skildrar reisa heim, men med handverket og kulturarven som motiv. Helle fortel om gleda med å lære seg eit handverk, setje i stand og ta i bruk gamalt verktøy, lære seg å bruke hendene, ikkje berre til å skrive men også til å bygge og bu.

Lærar, musikar og birøktar Eivind Ødegård er tidlegare leiar i Den norske bokbyen. Han leier samtalen med forfattarane der dei reflekterer over heimstaden som positivt ankerpunkt eller negativt lodd – å høyre til eller sitje fast, å ville eller måtte – dilemma som mange i distrikta kjenner på i dagleglivet og arbeidet med å skape eit godt tilvere for seg og sine i mindre grender og bygdelag. Samtale, bokpresentasjon og høgtlesing.

Samtalen er ein del av programrekka «Med to til ords» og er støtta av Fritt ord.

«Kunsten å komme heim» er vert arrangert i samarbeid med Sunnfjord museum. Billettsalg i døra kr 100. Kom gjerne i god tid, kun 50 plassar tilgjengeleg.

 

Detaljer

Dato:
June 7
Tid
15:00 - 16:30
Kostnad:
$100
Kategori for Arrangement:

Sted

Sersjantløa på Sunnfjord Museum
Norge + Google-kart

Detaljer

Dato:
June 7
Tid
15:00 - 16:30
Kostnad:
$100
Kategori for Arrangement:

Sted

Sersjantløa på Sunnfjord Museum
Norge + Google-kart