
LUTT litteratur er ein ny litteraturfestival i Sunnfjord, utvikla i samarbeid med Luttfest.
Fjaler er først ut med førfest i Trudvang onsdag 20. januar.
Her møter publikum Dale si eiga sangstjerne Sigrid Felde, som saman med Mads Systaddal tek oss med inn i Susanne Sundfør sitt musikalske univers.
Tore Renberg kjem til Fjaler med heile sitt litterære univers i kofferten. Som lesarar vert vi glade i folka i bøkene hans. Når han går på scena saman med sin faste makker på gitar, Alexander Flotve, er det aldri godt å vite kven som dukkar opp. Både familien i Kompani Orheim og røvarane i Hillevåg-gjengen har ein tendens til å stikke innom.
I Tore Renberg sin siste roman «Tollak til Ingeborg» er det ein stri, gammal kar som vert skriven fram. Tollak har mykje på hjartet, men teier seg sjuk i forteljinga si. Å gå gjennom livet utan å kunne snakke med sine næraste om det vesentlege er vel ikkje heilt ukjent i våre trakter, heller. Noko å lære av Tore sin Tollak, då, denne kvelden.
Servering ved småbord i lokalet