Laster Arrangementer

« All Events

Lytt til lyrikken på Pikant

september 29 @ 20:00 - 23:30

Med eit nært og eksklusivt møte med Daniel Kvammen og Fredrik Høyer, er Rom for ord endeleg tilbake på Pikant!

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? Ordet lyrikk kjem frå det greske ordet for strenginstrumentet «lyra», og det kinesiske ordet for lyrikk «shi», tyder ordsong. I denne litterære konserten har songpoet Daniel Kvammen fått invitere med seg ein poet han har lyst til å møte, og valet fall på Fredrik Høyer. Dei to møtest til ein samtale om inspirasjon, om å skrive og å leve av og med, songar og dikt. Det blir også laga rom for at vi spissar øyrene, og lyttar til lyrikken. Daniel Kvammen og Fredrik Høyer deler både song og dikt med publikum.

I Daniel Kvammens musikalske univers møter bygda, byen, og tenåringsangsten den store kjærleiken – både den lukkelege varianten, men også det underfundige, ulukkelege og ettertenksomme. Med låta «Du fortenar ein som meg» kom suksessen så og sei over natta, men Daniel Kvammen har etablert seg som ein solid låtskrivar med brei appell. På hans neste album, «Guta som gret», dukkar han inn i det såre og eksistensielle, og singelen «Falle frå jorda» snurrar no på radio.

Fredrik Høyer er poet, forfattar, og skodespelar, kjend for sine sterke litterære og musikalske opptredenar. Med ein fascinasjon for rap, hip-hop og jazzlyrikk blandar han treffande linjer med oppfinnsame rim og humor i munnlege gatedikt. Diktsamlinga «Grønlandssutraen» vart sett opp for fulle salar på Nationaltheateret og fekk Liv Ullman til å uttala at ho hadde vore med på ei stjernestund. Han er for tida aktuell med technopoesi-prosjektet «Til alt ute», saman med Bendik Baksaas.

Lytt til lyrikken er ein programserie som er utvikla av Olav H. Hauge-senteret, Nynorsk kultursentrum.

Ta kontakt med Pikant på e-post post@pikant.no eller telefon 90684010 for å reservere bord i restauranten og plass til den litterære konserten som startar kl 20.00 denne kvelden. Restauranten opnar alt kl 17 og tilbyr billett, velkomstdrink, middag og kaffi til kr 500.

Detaljer

Dato:
september 29
Tid
20:00 - 23:30
Kategori for Arrangement:

Sted

Pikant
Førde, + Google-kart

Detaljer

Dato:
september 29
Tid
20:00 - 23:30
Kategori for Arrangement:

Sted

Pikant
Førde, + Google-kart