Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette event har allerede funnet sted.

Morskap

mai 22 @ 20:00 - 21:30

Omtale: Samtale, lesing og musikk med Agnes Ravatn, Randi Fuglehaug og Annlaug Børsheim.

Agnes Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit. Særpreget er gjennomgåande i alle bøkene hennar, både i essayistikken og i prosaen. Ho er ein populær og omtykt forfattar, og har utvida lesarskaren ytterlegare når ho no i siste utgjevinga si utforskar krimsjangeren i «Dei sju dørene». Randi Fuglehaug er journalist og forfattar, og har skrive både barnebøker og sakprosa tidlegare. I si siste utgjeving debuterer også ho som krimforfattar med «Fallesjuke». Annlaug Børsheim er eit førsteval for mange forfattarar når ein ynskjer seg musikalsk fylgje i litteraturformidlinga. Som folkemusikar, komponist og skodespelar gjev Annlaug Børsheim tekstane større spelerom og tolkningsrom.

Til felles har dei tre at dei brukar si eiga livsfase i det kreative arbeidet: Heimlengt, etablering og småbarnsliv, verkar side om side – og ofte i konflikt – med skaparkraft, integritet og ambisjonar. Dei samtalar og reflekterer over livsval og sjangerval, kunstnarliv og familieliv i dette programmet. «Morskap» vert sendt frå Fartein Valen-heimen i Valevåg i Sveio, i samarbeid med Fartein Valens venner, tre generasjonar Langåker og noverande eigar Fartein Valen-Sendestad.

Arrangementet er i samarbeid med Den norske bokbyen i Fjærland og er støtta av Norsk kulturråd. Den digitale formidlinga er støtta av Fritt ord.

Detaljer

Dato:
mai 22
Tid
20:00 - 21:30
Kategorier for Arrangement:
,

Sted

Sendt frå Fartein Valen -heimen i Sveio

Detaljer

Dato:
mai 22
Tid
20:00 - 21:30
Kategorier for Arrangement:
,

Sted

Sendt frå Fartein Valen -heimen i Sveio