Laster Hendelser

« All Events

Nynorske scener – arrangørsamling

september 12 @ 08:00 - september 13 @ 12:00

Nynorske scener – arrangørsamling
Onsdag 12. og torsdag 13. september 2018

Førde bibliotek, Rom for ord og Nynorsk kultursentrum inviterer til arrangørsamling med to dagar til nytte og glede for kulturhus, bibliotek, festivalar, sogespel, forlag, Den kulturelle skulesekken og andre kulturarrangørar om formidling og bruk av nynorsk.
Det finst om lag 200 nynorskbrukande kulturinstitusjonar over heile landet. Korleis klarar vi å heve desse røystene i samtalar, opplesingar, konsertar, og andre arrangement saman med etablerte forfattarar og knyte litteraturen til andre kunstartar?

 

Program per 3. juli 2018

Onsdag 12. september
Åmot gard, Bygstad

12.30 Lunsj og registrering
13.30 Velkomst v/biblioteksjef Jorun Systad, Førde bibliotek
Presentasjon
Bolk 1
13.45 To gode naboar tett i tett – fordelar og utfordringar
Dagleg leiar Kristin Helle Valle, Litteraturhuset i Bergen
Biblioteksjef Leikny Haga Indergaard, Bergen off. bibliotek
14.15 Å vere nasjonal aktør utanfor storbyane
Dagleg leiar Gaute Øvereng, Ivar Aasen-tunet
14.30 Oppsummerande samtale for bolk 1
14.45 Pause
Bolk 2
15.00 Bjørnsonfestivalen som regional aktør
Festivalleiar Johild Kosberg Bredin i samtale med Janne Karin Støylen, Rom for ord
15.20 Nynorskprofil for lokale kulturhus
Representantar for Stord kulturhus og Falturiltu
15.40 Snarvegar til kunnskap om nynorsk litteratur
Redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark, Allkunne
16.00 Oppsummerande samtale bolk 2
16.15 Pause med litt mat

Litterær hagefest
Programleiar: Janne Karin Støylen, Rom for ord
Ope for alle (viss plass)
17.00 Mottaking med aperitiff i tunet
18.00 Vinje, vår mann i operalåven
Lars Amund Vaage (kåseri, piano), Aasmund Kaldestad (song) og Kyrre Eikaas Ottesen (tekstar av Vinje), i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater
19.30 Grillbuffet og hagefest i tunet
Eldrid Lunden, Sivert Nikolai Nesbø, Arnfinn Kolerud og andre forfattarar les i stovene og i låven utover kvelden
22.00 Dessertbord og kaffi avec i låven
23.00 Slutt

Torsdag 13. september
Førdehuset, Førde

09.00 Morgonkaffi
09.15 Sakprosa på programmet
Direktør Ottar Grepstad, Nynorsk kultursentrum
09.40 Ta Førdehuset i bruk v/kulturleiar Johan Bengtsson, Førde kommune
Den nynorske bokhausten
Avtalebørs – Forlag presenterer  utgjevingar på eigne stands
10.50 Nynorsk i Bokåret 2019
Innleiar frå Nasjonalbiblioteket
Samtale om samarbeid og tiltak for nynorsk i bokåret 2019
11.30 Enkel lunsj, ståande buffet
12.30 ARKA: Omvising i Inger Lise Belsviks jubileumsutstilling

12.00 Flybuss frå Førdehuset til flyplassen

Med atterhald om endringar

Detaljer

Start:
september 12 @ 08:00
Slutt:
september 13 @ 12:00
Hendelse Kategorier:
, ,

Detaljer

Start:
september 12 @ 08:00
Slutt:
september 13 @ 12:00
Hendelse Kategorier:
, ,