Laster Arrangementer

« All Events

Om å elske og å miste

juni 20 @ 16:00 - 17:30

Marit O. Kaldhol og Katrine Sele er mellom våre høgst verdsette forfattarar i kvar sine sjangrar. Denne våren er dei begge aktuelle med nye bøker.

I den nye novellesamlinga «enno var dei kroppar» skriv Marit O. Kaldhol om menneska på vandring, mange under harde kår. Slektskapen til Katrine Sele si førre bok, «Jølster hotell» vert eitt utgangspunkt for denne forfattarsamtalen.

 

I barnebiografien «Einars bok» som kom no i vår, skriv Katrine Sele forteljinga om Einar Prestøy Sandsund som berre fekk leve til han var fire og eit halvt år og ein dag. Boka inviterer lesaren til å reflektere over kva det vil seie å elske og miste, å leve og dø. Også her finst eit samband mellom dei to forfattarskapane:  I 1986 kom Kaldhol si sterke og vakre biletbok «Farvel, Rune» ut, med ugløymelege illustrasjonar av Wenche Øyen. Boka har blitt ståande som ein klassikar.

 

Katrine Sele og Marit O. Kaldhol les frå bøkene sine og reflekterer over korleis litterære erfaringar med sorg, tap og flukt kan peike på vegar vidare, ut av det vonde, for den som les. Samtalen vert leia av forfattar og leiar ved skrivekunstakademiet i Bergen, Sivert Nikolai Nesbø.

 

Arrangementet er ein del av programrekka «Lese. Leve» som er utvikla og produsert av Rom for ord med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord.

Detaljer

Dato:
juni 20
Tid
16:00 - 17:30
Kategori for Arrangement:

Sted

Jakob Sande-løa

Detaljer

Dato:
juni 20
Tid
16:00 - 17:30
Kategori for Arrangement:

Sted

Jakob Sande-løa