
I debatt-serien “Reite i ringen” inviterer Førde bibliotek til ordskifte kring aktuelle saker.
Førde treng ein debattarena: netthandel, sentrumsplanlegging og metoo er tema som har engasjert! Med 2 innleiarar i midten, Hans Jakob Reite som ordstyrar og publikum i ring rundt. Her kan alle som vil kome og seie si meining. Tema skal vere rykande ferskt og dagsaktuelt.
Hausten 2018 vert det 3 arrangement.
Måndag 10. september kl. 19.00
Måndag 5. november kl. 19.00
Måndag 3. desember kl. 19.00