Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette event har allerede funnet sted.

Rom for ord – Nynorsk barnebokfest

21. October 2017 @ 11:00 - 15:00

Storstova i Nynorskbyen, sjølvsagt skal den ha sin eigen nynorske barnebokfest!

Laurdag 28 oktober fyller vi huset med høgtlesing, skodespel, eventyr og film.

Ein laurdagsfest for heile familien med fine forteljingar i kvar krik og krok!

Nynorskbyen Førde arbeider med å utvikle Rom for ord – eit utvida litterært kulturtilbod i byen og bygdene i kring. Stadig fleire rom blir scener for litteraturformidling, men ingen stad bankar hjartet så sterkt for boka som i biblioteket.

Visste du at biblioteka i fylket vårt har sine eigne nynorske lesegledarar? Dei får du bli kjende med denne laurdagen, gjennom lesestunder for små og litt større barn kvar time.

Likte du boka? Du kan låne den i biblioteket. Eller du kan kjøpe den i det store barneboktorget ved inngangen. Bokhandlarane i Førde er sjøvsagt også med på festen for den nynorske barneboka!

I Førde bur også fylket sitt eige nynorskteater. Sogn og Fjordane teater har i snart førti år reist rundt i heile fylket med dramatiseringar på nynorsk. Denne laurdagen er vi ekstra heldige, fordi dei spelar teater i to rom på huset. Både i teatersalen med figurteatret ”Skomakarens son” som er eit gjestespel frå Hordaland teater, og i eventyrrommet, der vi skal få høyre det spanande eventyret om Nordavinden, fortalt av Kyrre Eikås Ottesen. Begge framsyningane blir vist to gonger.

Til deg som er vaksen og har plassen din mellom boka og barnet, vil litteraturformidlar Janne Karin Støylen halde eit foredraget ”To strekar under høgtlesing” – kva føresetnader gjeld for ei god formidling? At du som er vaksen også likar bokar du les! Bøker som er gode, både for den vesle lesaren og den vaksne formidlaren, finst det mange av i den nynorske barnebokhylla.

Heilt til slutt inviterer biblioteket til konsert! Du og eg og vi 2-3- 4 byr på humor og glade rytmer, høyre berre: Fjerteprompeboogie! Dette blir gøy og groovy!

Og innimellom alt: Bokmerkeverkstad, fargelegging, forteljingar du kan lese sjølv. Bokutstilling og boklister. Velkommen til nynorsk barnebokfest på Førdehuset!

 

 

 

 

 

Detaljer

Dato:
21. October 2017
Tid
11:00 - 15:00
Kategorier for Arrangement:
,

Sted

Førdehuset

Arrangør

Rom for ord
Hjemmeside:
www.romforord.no

Detaljer

Dato:
21. October 2017
Tid
11:00 - 15:00
Kategorier for Arrangement:
,

Sted

Førdehuset

Arrangør

Rom for ord
Hjemmeside:
www.romforord.no