Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette event har allerede funnet sted.

Saman og aleine som systrer

juni 12 @ 16:00 - 17:30

Jorunn var eldst i syskenflokken, Kari var yngst. Då Jorunn flytta ut for å gå på gymnas som 16-åring, byrja Kari i femte klasse på barneskulen på Stord, der dei vaks opp. – Vi har valt kvarandre som vener, som vaksne forklarar Kari.

 

Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo, og ho er det i ei krevjande tid. Ein treng berre nemne korona, klimakrise eller kommentarfelt, for den del. Ordskiftet hardnar. Kari Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement og for meiningars mot. Om noko av forklaringa på styrke, mot og tru finst i oppveksten, deler ho den med syster si, Jorunn.

Jorunn Veiteberg er mellom våre fremste kunsthistorikarar, med særleg interesse for smykke. I si eiga samling tel ho opp over 550 gjenstandar, og kan sjå tilbake ei interesse som har vart ved i over femti år. Korleis oppstod gleda over vakre gjenstandar, og over å bere dei? Korleis kom ho til å bli ein samlar?

I denne samtalen reflekterer systrene over korleis oppveksten slår fylgje gjennom livet, blir ein del av identiteten din og held fram med å prege deg og dei vala du tek. Både Kari og Jorunn har nådd sjeldan langt i sine felt. Kva grunnlag gav barndom og oppvekst for å vere fagleg ambisiøse i vaksen alder? Til dagleg bur dei i kvar sine land. Kalendrane er meir enn fullteikna, men dei leitar etter opningar, finn tid til kvarandre og vel kvarandre som vener. Kvifor held søsterskapet fram med å vere så nært og viktig for dei begge?

Med desse spørsmåla i mente legg Kari og Jorunn Veiteberg ut på ei bokreise saman, i regi av Rom for ord. Denne våren er dei aktuelle med kvar sine nye bøker og til hausten samarbeider dei om ei endå ei utgjeving.

Vel møtt til bokpresentasjonar og samtale. Det vert høve til å kjøpe signerte eksemplar av dei aktuelle bøkene i etterkant av samtalen.

Detaljer

Dato:
juni 12
Tid
16:00 - 17:30
Kategori for Arrangement:

Detaljer

Dato:
juni 12
Tid
16:00 - 17:30
Kategori for Arrangement: