Laster Arrangementer

Tidligere Arrangementer › Rom for ord i biblioteket

Arrangementer Search and Views Navigation

October 2017

Gilgamesh – Kongen som nekta å døy

18. October 2017 @ 11:30 - 13:00

Eposet om Gilgamesh er sjølve vår sivilisasjon si urhistorie. Over 4000 år gammal, nedskriven på leirtavler i Uruk, noverande Irak. Det er eit evigungt drama om ungdoms overmot, ubryteleg venskap, djup sorg og angst for døden. Eposet er gjendikta i ei moderne, munnleg form på tre språk i den same boka : Norsk, engelsk og arabisk, nettopp for å understreke våre felles røter og vere med på å bygge bruer mellom kulturar.

Les mer »

Festkveld for ny Førdebok

19. October 2017 @ 19:00 - 21:00
Førdehuset

Førde rundar tjue år som by i 2017. Det er kanskje uvanleg å lage bøker om så korte byhistorier. Men i Førde sitt tilfelle er det gode grunnar for å gjere nettopp det. Her er dei siste tjue åra er berre toppen av ei samanhengande forvandling frå 1950-talet. Det vesle bygdesenteret har fullstendig skifta ham, på ein måte som stikk seg fram også nasjonalt. Slik skriv forfattar Arne Aasland i forordet til boka ”Førde blir by”. Tiår for tiår, frå…

Les mer »

Rom for ord – Nynorsk barnebokfest

21. October 2017 @ 11:00 - 15:00
Førdehuset

Storstova i Nynorskbyen, sjølvsagt skal den ha sin eigen nynorske barnebokfest! Laurdag 28 oktober fyller vi huset med høgtlesing, skodespel, eventyr og film. Ein laurdagsfest for heile familien med fine forteljingar i kvar krik og krok! Nynorskbyen Førde arbeider med å utvikle Rom for ord – eit utvida litterært kulturtilbod i byen og bygdene i kring. Stadig fleire rom blir scener for litteraturformidling, men ingen stad bankar hjartet så sterkt for boka som i biblioteket. Visste du at biblioteka i…

Les mer »

May 2018

Solreven

10. May 2018 @ 08:00 - 17:00
Førdehuset Teatersalen, Angedalsvegen 5
Førde, 6802
+ Google-kart
kr100

Informasjon om arrangementet her

Les mer »

September 2018

Rite i ringen – debatt

10. September 2018 @ 19:00 - 20:30
Gratis

I debatt-serien "Reite i ringen" inviterer Førde bibliotek til ordskifte kring aktuelle saker. Førde treng ein debattarena: netthandel, sentrumsplanlegging og metoo er tema som har engasjert! Med 2 innleiarar i midten, Hans Jakob Reite som ordstyrar og publikum i ring rundt. Her kan alle som vil kome og seie si meining. Tema skal vere rykande ferskt og dagsaktuelt. Hausten 2018 vert det 3 arrangement. Måndag 10. september kl. 19.00 Måndag 5. november kl. 19.00 Måndag 3. desember kl. 19.00

Les mer »

Nynorske scener – arrangørsamling

12. September 2018 @ 08:00 - 13. September 2018 @ 12:00

Nynorske scener – arrangørsamling Onsdag 12. og torsdag 13. september 2018 Førde bibliotek, Rom for ord og Nynorsk kultursentrum inviterer til arrangørsamling med to dagar til nytte og glede for kulturhus, bibliotek, festivalar, sogespel, forlag, Den kulturelle skulesekken og andre kulturarrangørar om formidling og bruk av nynorsk. Det finst om lag 200 nynorskbrukande kulturinstitusjonar over heile landet. Korleis klarar vi å heve desse røystene i samtalar, opplesingar, konsertar, og andre arrangement saman med etablerte forfattarar og knyte litteraturen til andre…

Les mer »
+ Eksporter arrangementer