Laster Arrangementer

Tidligere Arrangementer › Rom for ord - vår

Arrangementer Search and Views Navigation

October 2017

Gilgamesh – Kongen som nekta å døy

18. October 2017 @ 11:30 - 13:00

Eposet om Gilgamesh er sjølve vår sivilisasjon si urhistorie. Over 4000 år gammal, nedskriven på leirtavler i Uruk, noverande Irak. Det er eit evigungt drama om ungdoms overmot, ubryteleg venskap, djup sorg og angst for døden. Eposet er gjendikta i ei moderne, munnleg form på tre språk i den same boka : Norsk, engelsk og arabisk, nettopp for å understreke våre felles røter og vere med på å bygge bruer mellom kulturar.

Les mer »

Festkveld for ny Førdebok

19. October 2017 @ 19:00 - 21:00
Førdehuset

Førde rundar tjue år som by i 2017. Det er kanskje uvanleg å lage bøker om så korte byhistorier. Men i Førde sitt tilfelle er det gode grunnar for å gjere nettopp det. Her er dei siste tjue åra er berre toppen av ei samanhengande forvandling frå 1950-talet. Det vesle bygdesenteret har fullstendig skifta ham, på ein måte som stikk seg fram også nasjonalt. Slik skriv forfattar Arne Aasland i forordet til boka ”Førde blir by”. Tiår for tiår, frå…

Les mer »

Rom for ord – Nynorsk barnebokfest

21. October 2017 @ 11:00 - 15:00
Førdehuset

Storstova i Nynorskbyen, sjølvsagt skal den ha sin eigen nynorske barnebokfest! Laurdag 28 oktober fyller vi huset med høgtlesing, skodespel, eventyr og film. Ein laurdagsfest for heile familien med fine forteljingar i kvar krik og krok! Nynorskbyen Førde arbeider med å utvikle Rom for ord – eit utvida litterært kulturtilbod i byen og bygdene i kring. Stadig fleire rom blir scener for litteraturformidling, men ingen stad bankar hjartet så sterkt for boka som i biblioteket. Visste du at biblioteka i…

Les mer »

May 2018

Solreven

10. May 2018 @ 08:00 - 17:00
Førdehuset Teatersalen, Angedalsvegen 5
Førde, 6802
+ Google-kart
kr100

Informasjon om arrangementet her

Les mer »

September 2018

Rite i ringen – debatt

10. September 2018 @ 19:00 - 20:30
Gratis

I debatt-serien "Reite i ringen" inviterer Førde bibliotek til ordskifte kring aktuelle saker. Førde treng ein debattarena: netthandel, sentrumsplanlegging og metoo er tema som har engasjert! Med 2 innleiarar i midten, Hans Jakob Reite som ordstyrar og publikum i ring rundt. Her kan alle som vil kome og seie si meining. Tema skal vere rykande ferskt og dagsaktuelt. Hausten 2018 vert det 3 arrangement. Måndag 10. september kl. 19.00 Måndag 5. november kl. 19.00 Måndag 3. desember kl. 19.00

Les mer »

May 2020

Morskap

May 22 @ 20:00 - 21:30
Sendt frå Fartein Valen -heimen i Sveio

Omtale: Samtale, lesing og musikk med Agnes Ravatn, Randi Fuglehaug og Annlaug Børsheim. Agnes Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit. Særpreget er gjennomgåande i alle bøkene hennar, både i essayistikken og i prosaen. Ho er ein populær og omtykt forfattar, og har utvida lesarskaren ytterlegare når ho no i siste utgjevinga si utforskar krimsjangeren i «Dei sju dørene». Randi Fuglehaug er journalist og forfattar, og har skrive både barnebøker og sakprosa…

Les mer »
+ Eksporter arrangementer