Laster Arrangementer

Tidligere Arrangementer › Rom for rom - heime

Arrangementer Search and Views Navigation

juni 2018

Vinje, vår mann – première

1. juni 2018 @ 20:00 - 21:00
Haarklausalen, Førde, Kyrkjevegen 9,
Førde, 6800
+ Google-kart

6 april 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. I den samanheng er det ei glede å fortelje at Sogn og Fjordane teater og Rom for ord feirar målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein ny litterær konsert og teater-produksjon: ”Vinje, vår mann”. ”Ferdaminne frå sumaren 1860” av Aasmund O. Vinje var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert. - Og så er det ein formasteleg tanke, seier Lars Amund Vaage, at…

Les mer »

september 2018

Program Nynorsk Barnebokfest

15. september 2018
Førdehuset

15.  september er det igjen klart for Nynorsk barnebokfest! Vi fyller Førdehuset med høgtlesing, skriving, skodespel, kunstutstilling og eventyr. Ein fest for heile familien med fine forteljingar i kvar krik og krok!   Program: 11.00  - Lesestund med lesegledar Trond Strand (Biblioteket) 3 - 6 år 11.00 - Blåmann, blåmann (Eventyrrommet) 4 - 10 år 11.30  - Kunstutstilling og formidling med Inger Lise Belsvik (Utstillingssalen) 5 - 10 år 11.30  - Boklansering av Sander S. Klakegg si nye bok (Bibliotekscena) 12.00 -…

Les mer »

Blåmann, blåmann bukken min

15. september 2018
Førdehuset

Dokketeater i Eventyrrommet "Å ha ein besteven som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir! Det er fint det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevener. Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Åsmund diktar ein song til venen sin. Vil du vere med å synge?" Blåmann, Blåmann bukken min er ei heilt ny barneframsyning om venskap og lengsel.…

Les mer »

Inger Lise Belsvik: Kunstutstilling og formidling

15. september 2018

Leseglede med bildebøker i Utstillingssalen Rom for ord og Førde bibliotek stiller ut jubileumsutstillinga til illustrasjonskunstnaren Inger Lise Belsvik. I bildebøkene meistrar Belsvik den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ho snakkar gjerne om at tekstane skal få ”ny sprett” i bildet. Som formidlarar kan vi bruke det same inspirerte blikket til i høgtlesinga av tekstane. Då får dei små lesarane mulegheit til å dikte vidare, tolke og gjere leseopplevinga til si eiga i det særeigne det samspelet mellom tekst…

Les mer »

Himmelspringaren

15. september 2018

Dokketeater i Teatersalen Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta. Inne i fjøset sto Fjellfjosa, ballrund som ei kule. Johanna godprata med ho, klødde ho bak øyra og kviskra mjuke ord. – Kjære, flinke Fjosa mi, sa ho. – Kor eg gler meg til å sjå ungane dine. Det Johanna ikkje visste var at det denne natta skulle bli født eit lam i Gullullafjøset…

Les mer »

Forfattarbesøk av Arnfinn Kolerud

15. september 2018

Ein heilt vanleg dag vinn Frank og Mor i Lotto. - Rekka er alt for framtung, sa mor. Den kjem aldri til å gå inn. No er det aldri. Frank ser ut av vindauget. Der er alt som før. Gras med hus på. Hus med gras på. - Frank er 10 år gammal og vinn 24 millionar kroner, skriv læraren på tavla neste dag. Kor mykje kan han bruke kvar dag resten av livet om han blir 80 år?  …

Les mer »

Bokslepp med Sander Solheim Klakegg

15. september 2018 @ 11:30 - 12:30

Sander Solheim Klakegg er nett fylt 14 år og går på Halbrend skule. Han elskar å lese bøker og å vere i skateparken saman med venene sine. Sander har skrive små forteljingar og laga teikneeseriar sidan han var 6 år gammal, og fortel at det å skrive gir han mogelegheita til å skape ein ny verden, full av spaning og overraskingar. Sander skreiv si første bok «eit ess i ermet» i 2017 og bok nummer to kjem i september 2018. Han…

Les mer »

mars 2020

Forfattarmøte med Håvard Rem

mars 13 @ 17:15 - 18:30
Førdehuset,

Kva skjer med historia når kvinnene får fortelje? Møt Håvard Rem i samtale med Bodil Kvamme i forkant av teaterframsyninga «Maria, Jesu mor». Innhald: To tusen år og meir skil oss frå kvinnene i evangelia. Frå scena ser dei rett på oss, her og no i same rom. Dei ber fram si historie på ein måte som gjer at vi ikkje kan sjå bort. Om avstanden er stor i tid, er han desto mindre i liv og lagnad. Vi strevar…

Les mer »

mai 2020

Morskap

mai 22 @ 20:00 - 21:30
Sendt frå Fartein Valen -heimen i Sveio

Omtale: Samtale, lesing og musikk med Agnes Ravatn, Randi Fuglehaug og Annlaug Børsheim. Agnes Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit. Særpreget er gjennomgåande i alle bøkene hennar, både i essayistikken og i prosaen. Ho er ein populær og omtykt forfattar, og har utvida lesarskaren ytterlegare når ho no i siste utgjevinga si utforskar krimsjangeren i «Dei sju dørene». Randi Fuglehaug er journalist og forfattar, og har skrive både barnebøker og sakprosa…

Les mer »

Morskap i opptak

mai 26 @ 07:01

Morskap Livsval og sjangerval, kunstnarliv og familieliv. I dette spennet går praten når Agnes Ravatn, Randi Fuglehaug og Annlaug Børsheim møtes til samtale, lesing og musikk. Den norske bokbyen var digitalt vertsskap for premieren på programmet, som vart tatt opp i Fartein Valen heimen i Sveio, 21 mai 2020. -Dette er eit inspirerande døme på korleis arrangørar i det nye storfylket kan finne kvarandre og hjelpast åt i arbeidet med å utvikle litterære møteplassar i distrikta, seier kunstnarleg leiar i…

Les mer »
+ Eksporter arrangementer