Laster Arrangementer

Tidligere Arrangementer › Rom for rom i byen

Arrangementer Search and Views Navigation

November 2017

Buicken

2. November 2017 @ 20:00 - 21:00
Festsalen Førdehuset

Buicken er toner og poesi i skjønn harmoni, med forfatterane Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg og musikarane Amund Maarud og Mathias Eick. Dette er saker! Buicken er ikkje noko band. Buicken er ingen bruktbil. Buicken kjøyrer med poesi på reservetanken og passe mengder rock, blues, bluegrass, folketonar, improvisasjonar og tre milligram alvor i bagasjerommet. Buicken er tufta på to samlingar med dikt som Saabye-Christensen og Stalsberg, i nært samarbeid med fotograf Lars-Eivind Bones, utga på Aschehoug Forlag i 2010, Men Buicken Står Her Fremdeles og…

Les mer »

Litterær salong på Larris scene

16. November 2017 @ 19:00 - 21:00
Larris scene

Olaug Nilssen (f. 1977) er mellom forfattarane du møter når Rom for ord inviterer til vår første litterære salong på Larris scene i Førde. Sjølvsagt er ho det! Vi gler oss stort over å invitere henne heim til Førde. Særleg akkurat denne bokhausten, fordi ho har markert seg med ei av dei mest omtalte og omtykte bøkene i mylderet av nye utgjevingar. Kan eit mobbeoffer, ein skuletapar og ein drop-out skrive litteratur? Jan Kristoffer Dale fekk Tarjei Vesaas debutantpris for…

Les mer »

June 2018

Vinje, vår mann – première

1. June 2018 @ 20:00 - 21:00
Haarklausalen, Førde, Kyrkjevegen 9,
Førde, 6800
+ Google-kart

6 april 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. I den samanheng er det ei glede å fortelje at Sogn og Fjordane teater og Rom for ord feirar målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein ny litterær konsert og teater-produksjon: ”Vinje, vår mann”. ”Ferdaminne frå sumaren 1860” av Aasmund O. Vinje var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert. - Og så er det ein formasteleg tanke, seier Lars Amund Vaage, at…

Les mer »

September 2018

Nynorske scener – arrangørsamling

12. September 2018 @ 08:00 - 13. September 2018 @ 12:00

Nynorske scener – arrangørsamling Onsdag 12. og torsdag 13. september 2018 Førde bibliotek, Rom for ord og Nynorsk kultursentrum inviterer til arrangørsamling med to dagar til nytte og glede for kulturhus, bibliotek, festivalar, sogespel, forlag, Den kulturelle skulesekken og andre kulturarrangørar om formidling og bruk av nynorsk. Det finst om lag 200 nynorskbrukande kulturinstitusjonar over heile landet. Korleis klarar vi å heve desse røystene i samtalar, opplesingar, konsertar, og andre arrangement saman med etablerte forfattarar og knyte litteraturen til andre…

Les mer »

Program Nynorsk Barnebokfest

15. September 2018
Førdehuset

15.  september er det igjen klart for Nynorsk barnebokfest! Vi fyller Førdehuset med høgtlesing, skriving, skodespel, kunstutstilling og eventyr. Ein fest for heile familien med fine forteljingar i kvar krik og krok!   Program: 11.00  - Lesestund med lesegledar Trond Strand (Biblioteket) 3 - 6 år 11.00 - Blåmann, blåmann (Eventyrrommet) 4 - 10 år 11.30  - Kunstutstilling og formidling med Inger Lise Belsvik (Utstillingssalen) 5 - 10 år 11.30  - Boklansering av Sander S. Klakegg si nye bok (Bibliotekscena) 12.00 -…

Les mer »

Blåmann, blåmann bukken min

15. September 2018
Førdehuset

Dokketeater i Eventyrrommet "Å ha ein besteven som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir! Det er fint det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevener. Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Åsmund diktar ein song til venen sin. Vil du vere med å synge?" Blåmann, Blåmann bukken min er ei heilt ny barneframsyning om venskap og lengsel.…

Les mer »

Inger Lise Belsvik: Kunstutstilling og formidling

15. September 2018

Leseglede med bildebøker i Utstillingssalen Rom for ord og Førde bibliotek stiller ut jubileumsutstillinga til illustrasjonskunstnaren Inger Lise Belsvik. I bildebøkene meistrar Belsvik den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ho snakkar gjerne om at tekstane skal få ”ny sprett” i bildet. Som formidlarar kan vi bruke det same inspirerte blikket til i høgtlesinga av tekstane. Då får dei små lesarane mulegheit til å dikte vidare, tolke og gjere leseopplevinga til si eiga i det særeigne det samspelet mellom tekst…

Les mer »

Himmelspringaren

15. September 2018

Dokketeater i Teatersalen Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta. Inne i fjøset sto Fjellfjosa, ballrund som ei kule. Johanna godprata med ho, klødde ho bak øyra og kviskra mjuke ord. – Kjære, flinke Fjosa mi, sa ho. – Kor eg gler meg til å sjå ungane dine. Det Johanna ikkje visste var at det denne natta skulle bli født eit lam i Gullullafjøset…

Les mer »

Forfattarbesøk av Arnfinn Kolerud

15. September 2018

Ein heilt vanleg dag vinn Frank og Mor i Lotto. - Rekka er alt for framtung, sa mor. Den kjem aldri til å gå inn. No er det aldri. Frank ser ut av vindauget. Der er alt som før. Gras med hus på. Hus med gras på. - Frank er 10 år gammal og vinn 24 millionar kroner, skriv læraren på tavla neste dag. Kor mykje kan han bruke kvar dag resten av livet om han blir 80 år?  …

Les mer »

Bokslepp med Sander Solheim Klakegg

15. September 2018 @ 11:30 - 12:30

Sander Solheim Klakegg er nett fylt 14 år og går på Halbrend skule. Han elskar å lese bøker og å vere i skateparken saman med venene sine. Sander har skrive små forteljingar og laga teikneeseriar sidan han var 6 år gammal, og fortel at det å skrive gir han mogelegheita til å skape ein ny verden, full av spaning og overraskingar. Sander skreiv si første bok «eit ess i ermet» i 2017 og bok nummer to kjem i september 2018. Han…

Les mer »
+ Eksporter arrangementer