Legendariske skyttarar og redningar vi aldri gløymer
Nils Henrik Smith og Finn Tokvam deler gode fotballhistorier.

«Utover menneskelege primærbehov er det ingenting eg deler med fleire enn kjærleiken til fotballen» skriv forfattar og journalist Nils Henrik Smith i boka 11 meter – Straffesparkets historie. Fotballen tilbyd ei kjensle av fellesskap, eit fellesskap som brått vart rive vekk då koronaviruset spreidde seg verda over. Fotballen spelar ei viktig rolle verda over, frå små lokalsamfunn til store byar og nasjonar. Denne kvelden møter vi Nils Henrik Smith og Finn Tokvam i ein samtale om fotball og fellesskap. Vi kjem heller ikkje utanom straffesparka, dei avgjerande augneblinka då fellesskapet vert oppløyst og fotballspelaren står der uendeleg einsam:

Nervepirrande, dramatiske, kontroversielle – straffespark har ein heilt særmerkt plass i fotballfolk sine hjarta. Meir enn tjue år etter at det hendte, kan alle nordmenn stadig hugse kor dei var då Kjetil Rekdal scora på straffe mot Brasil.

I boka « 11 meter» tek den kritikarroste forfattaren Nils Henrik Smith lesaren med på ei høgst original og forunderleg reise gjennom straffesparkets brokete historie, frå den irske landsbygda på 1800-talet fram til dagens straffekonkurransar og VAR-kontroversar. Her er innsiktsfulle skildringar av legendariske skyttarar og målvakter.

Nils Henrik Smith fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2007 for romanen Manhattan Skyline og har vore kåra til ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet. Han er fast skribent i Josimar og har tidlegare skrive om norsk forball for NRK.

Finn Tokvam er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Finn Tokvam har ei særeige evne til å kombinere god journalistikk med humor, noko han gjer i stort monn i radioprogrammet P.I.L.S på NRK. Han har skrive fleire bøker og er vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.

Dei to forfattarane samtalar om fotball og fellesskap på Brunsj og briller på Skei onsdag 14 oktober kl 21 og på Lauget kaffi og kultur på Sandane torsdag 15 oktober kl 20.

Programmet er eit samarbeid med Nynorsk kultursentrum.