Dei einaste fargane på scena er hudfargar. Elles er alt i svart og kvitt. Men ingenting er berre svart eller berre kvitt. Alt er nyansert, komplekst og samansett. Også det svarte og kvite. Eg vil at folk skal sjå desse nyansane, omfamne det komplekse og tenkje over korleis bildet vårt av verda og dei andre vert bygt opp og sett saman.

 

Eg møter regissør Frode Gjerløw og skodespelar Kadir Talabani før premieren på ”Invasjon” på Sogn og Fjordane teater. Stykket var den svenske forfattaren Jonas Hassan Khmeri sin debut som dramatikar. Khemiri er oppteken av korleis språket styrer verda, ikkje berre i dette skodespelet, men i heile forfattarskapen sin. Rom for ord vil i samarbeid med teatret sjå etter korleis vi kan utvide det litterære kulturtilbodet i tilknyting til repertoaret på scena

– Ta eit ord som terror, seier Frode engasjert. Kva betyr det? Kor tid kan ei valdshaldning definerast som terror? Slik ordet blir brukt i media har det kome til å knyte seg til mistankar og førehandsdømming av gjerningsmenn med muslimsk bakgrunn og religiøse motiv. Ordet blir brukt slik at det skaper unyanserte fiendebilete, grupperer oss og set oss opp mot kvarandre. Kva med skulemassakrane i USA? Dei vert utførte psykisk ustabile menneske som treng behandling, av desperadoar. Det vert skildra som ei tragedie. Er det ikkje terror, like fullt?

 

-Teatret er ein samfunnsinstitusjon, held den unge regissøren fram. Det må handle om dei som kjem og ser på. Og det må vere slik at dei som kjem og ser på forstår det, at det handlar om dei. Eg er oppteken av dialogen: Mellom dei som står på scena og dei som sit i salen, mellom det som skjer på scena og det som skjer i samfunnet.

 

Kadir Talabani er ein av skodespelarane i stykket. Han kom frå Kurdistan til Noreg då han var 13 år gammal. – Ein ting som forundrar meg, er kor kritisk mange er til nynorsken her i landet. Kvar gong du lærer eit nytt språk, ser du verda på ein ny måte. Det er ein stor ressurs for eit lite land som vårt å ha to skriftspråk, smiler Kadir.

 

-Så undrar eg meg også over alle fotballhallane. Her i byen for eksempel. Er det ikkje fem store anlegg for fotball her? Med lyset på til seint på kvelden? Det er flott! Kulturlivet har mykje å lære av idretten. Men tenk om vi hadde hatt fem kultursalar med flombelysning, fulle av kvalitetsopplevingar kvar kveld, forklarar Kadir og vi ler. Tanken er nærast umuleg! Men poenget er klart og godt. – Vi må lærast opp til å oppsøke kultur og kreative uttrykksformer. All kreativitet inneber ei øving i å tenkje kritisk. I samfunn styrte av eineherskarar er det dei kreative uttrykka som vert strypte først.

 

– Dette trur eg så sterkt på, også på det personlege planet. I familiane og i relasjonane mellom folk, held Frode Gjørlow fram. Vi treng å få uttrykke oss for å ha det godt og vere gode mot kvarandre. Fordi vi er ulike treng vi ulike uttrykksformer. Språk, musikk, dans, bilete. Først og sist vil eg understreke kor viktig språket er. Den som styrer språket, styrer verda. Difor er uvurderleg viktig å sikre alle tilgangen til det språket vi har felles, og dermed den myndiggjeringa det inneber å kunne uttrykke seg gjennom dette språket.

 

Kven er dette? tenkjer eg medan han legg fram desse refleksjonane. Dei ber preg av å ha levd lenge og opplevd mykje. Men det er ein ung regissør som sit framfor meg. – Eg kjem frå Vestfold smiler han, når eg spør. Eg vaks opp på gard, eg har plukka mykje stein i oppveksten, eg! Kulturskulen var viktig for meg, og då eg fekk ei rolle på Det norske teatret som tolvåring var det gjort. Vi spelte Pinoccio saman med Harald Heide Steen jr. Eg bestemte meg: Det måtte bli teater. Folk spør: Kan du leve av dette, då?

Eg veit ikkje om eg kan leve utan. Eg studerte i Frankrike, og har jobba seks år i London, i to teaterkompani. Men eg er ikkje så oppteken av å skilje mellom amatørar og profesjonelle i kunsten, Det provoserer meg faktisk, det er eit skilje som gjev rom for mykje snobberi. Eg likar det ikkje. Det er unyansert, ler regissøren og vi er tilbake der vi starta. Med ønskjet om å omfamne det komplekse og gje rom for ulike uttrykksformer.

 

-Er kjøpesenteret stengt?, spør Frode plutseleg? – Eg må kjøpe nokre T-skjorter. Det gjekk skeis med ein vask i dag tidleg. Og så ler han, og det gjer vi også. Det har vore mykje latter gjennom denne samtalen om terror, urettferdigheit og språklege maktovergrep.

 

Dagen etter får eg vere med på ei prøveframsyning. Eg ler så eg eg grin! Språk er også stor humor. Så kjem Kadir på scena i karakter som kurdisk asylsøkar. Med replikkar på sitt eige språk. Og eg ser kor denne karakteren veks, kor han fyller kroppen med seg sjølv og rommet med forteljinga si. Herifrå kan eg ikkje fortelje meir. Du må komme i teatret å sjå denne framsyninga. Vi har ikkje fem kultursalar i flombelysing i Førde. Men vi har eitt teater, som lyser innanfrå. I eit lys skapt av kvalitet, meining og magi.