I programrekka til «Med to til ords» ser vi etter forfattarar som kastar lys over eit tema frå ulike perspektiv. Programarbeidet legg til grunn ei brei forståing av omgrepet «litteratur» – som ulike sjangrar og tekstar i samfunnet. Første helga i juni møtest Hallgeir Opedal og Siri Helle til samtale, lesing og refleksjonar under tittelen: Kunsten å komme heim.

Hallgeir Opedal er mellom våre mest omtykte portrett-journalistar, sist gjennom ei rekkje forfattar-portrett som podcast og seinare som antologi i serien «Bokpod». I fjor gav han ut boka «Heim – ei vandringshistorie» der han skildra turen frå Oslo heim til Odda, staden han kjem i frå. Turen gjekk til fots gjennom Telemark over Haukeli, der Opedal reflekterer over å høyre til, identitet og rotfeste, samt korleis landskap og samfunn er i endring langs ruta.

Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for turen, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim. På vegen vestover filosoferer han over fenomenet heim. Kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Er det berre glør av nostalgi? Opedal går ikkje berre tilbake der han kom frå, men også til fortida og røtene. Kvifor blei akkurat Odda heimen hans? Og er eigentleg Odda framleis heim? Undervegs møter han folk – og ikkje minst seg sjølv – og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.

Bla i boka her:

Heim: ei vandrehistorie

Siri Helle er aktuell med boka «Med berre nevane» der ho til liks med Opedal skildrar reisa heim, men med handverket og kulturarven som motiv. Helle fortel om gleda med å lære seg eit handverk, setje i stand og ta i bruk gamalt verktøy, lære seg å bruke hendene, ikkje berre til å skrive men også til å bygge og bu:

Det er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne.

Siri Helle var skuleflink, men sprang kring skulebygningane i friminutta på barneskulen for å verte kvitt uroa i kroppen. Sjølvsagt skulle slike som henne vidare på universitetet, men først då Siri Helle utdanna seg til agronom, fann ho seg sjølv; blant sta geiter, høygaflar og famlande motorsaging fann ho meistring og ro.

Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet?

Bla i boka her:

Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid

Høyr Siri Helle fortelje om arbeidet med boka her:

https://apple.co/3bs7Wmx

Lærar, musikar og birøktar Eivind Ødegård er tidlegare leiar i Den norske bokbyen. Han leier samtalen med forfattarane der dei reflekterer over heimstaden som positivt ankerpunkt eller negativt lodd – å høyre til eller sitje fast, å ville eller måtte – dilemma som mange i distrikta kjenner på i dagleglivet og arbeidet med å skape eit godt tilvere for seg og sine i mindre grender og bygdelag.

Samtalane finn stad på boknatta i Den norske bokbyen i Fjærland laurdag 6 juni kl 17 og på Sunnfjord museum i Movika søndag 7 juni kl 15.

Programrekka «Med berre nevane» er støtta av Fritt ord.