I bygdene kring Nynorskbyen utviklar Jølster bibliotek formidlingsforma “Litteratur i grendehuset”. I dei tradisjonsrike husa for samkome i grendene finn vi scener for formidling av moderne litteratur. Forfattarane som kjem til bygdene våre vert inspirerte av møta med kulturarven og landskapa her.
Astruptunet
Håvard Rem
Den gong eg vaks opp på Agder
var slektsnamnet ditt av dei fine
Hadde dei namnet ditt, hadde dei råd
til deg på veggane sine
Eg såg deg i hovudstaden
då eg kom med den fyrste av bøkene
Hjå ein diktar på Karl Johan
hang Jonsokbål på kjøkenet
Det synte ein gut som såg
at dei andre song og prata
Det flamma i fargar frå Freia-uret
på hi side av gata
Hans Henrik likte gåva
Han ville gje noko att
Du døydde før han fekk ferdig
diktboka Jonsoknatt
Du var mest hundre og førti år
hadde du levd i dag
Det var på nippen at du og eg
hadde ein ven i lag
Eg drog dit han pla å draga
Eg kom som dreng til Breim
Gardskona synte meg Jølster
Din og hennar heim
Engel vart enkje med åtte born
Garden var liten og bratt
Somme vart skilte av krigen
Fredsvåren møttest dei att
Eit par hadde vorte raude
Eit par hadde vorte brune
Dei møttest og slost til dei rulla ned
det stupbratte Astruptunet
Når ljoset frå Jølster har gjesta
England, Sveits og Moldova
vender det heim for å verta filtrert
i Engels gardiner i stova.