Årets ord er kåra: Koronaen. Korleis har 2020 vore, for deg? Vi vil høyre frå deg mellom 15 og 25 år. Bli med i LUTT litteratur sin skrivekonkurranse. Premie: Kr 2500 til fire vinnartekstar, i fire klassar:
- Lyrisk: Eit dikt, ein songtekst, instapoesi eller ei twitternovelle
- Episk: Ein episode, eit minne, ei forteljing eller ei novelle
- Sakprosa: Ein refleksjon, eit notat, eit leserinnlegg eller eit essay
- Open klasse: Finn ditt eige uttrykk. Kanskje ein miks av tekst, lyd eller bilete?
Send teksten din til 2020@romforord.no innan 31.mars Vinnartekstane vert kåra under LUTT litteratur i Førdehuset 7 og 8. april.