Magasin

Årets ord er kåra: Koronaen. Korleis har 2020 vore, for deg? Vi vil høyre frå deg mellom 15 og 25 år. Bli med i LUTT litteratur sin skrivekonkurranse. Premie: Kr 2500 til fire vinnartekstar, i fire klassar:

  1. Lyrisk: Eit dikt, ein songtekst, instapoesi eller ei twitternovelle
  2. Episk: Ein episode, eit minne, ei forteljing eller ei novelle
  3. Sakprosa: Ein refleksjon, eit notat, eit leserinnlegg eller eit essay
  4. Open klasse: Finn ditt eige uttrykk. Kanskje ein miks av tekst, lyd eller bilete?

Send teksten din til 2020@romforord.no innan 31. august. Vinnartekstane vert kåra under LUTT litteratur i Førdehuset 30. september.

I livet slår lagnaden vilkårslaust fylgje. Forfattarane Olaug Nilssen og Laura Djupvik utforskar tilhøva både for eigeverd og for tillit til kvarandre, når dagane krev meir enn vi maktar.

I romanen «Yt etter evne, få etter behov» (Nilssen) og novellesamlinga «No fær huset» (Djupvik) peikar forfattarane mot at nåden finst, i det gode vi strever mot å gjere for kvarandre.

Gjennom samtale og lesing reflekterer dei over korleis slike innsikter også er drivkrefter i skrivinga, og over korleis litteraturen kan vere med å løyse litt i flokane, både for den som les og den som skriv.

Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie? Slike spørsmål verkar til å kverne mellom linjene i Olaug Nilssen sin heilt ferske roman «Yt etter evne, få etter behov».

Vi får innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gunvor, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Dei får det ikkje heilt til, karakterane i Laura Djupvik si siste novellesamling, heller. «No fær huset» samlar forteljingar om kor sårbart livet kan vere, og syner fram at alle har utfordringar. Vi har alle vårt. Ingen treng å skamme seg. Novellene handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv.

«Sjå i nåde til oss» er ein del av samtalerekkja «Med to til ords» som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Fritt ord og Norsk kulturråd.

Tid/stad:

Naustdal, Naustdal kyrkje 27.05  kl 19
Jølster, Ålhus kyrkje 28.05 kl 19
Stryn, Stryn bibliotek 29.05 kl 12
Ørsta, Ivar Aasen-tunet 30.05  kl 15

Programmet varer i ein og ein halv time

Legendariske skyttarar og redningar vi aldri gløymer
Nils Henrik Smith og Finn Tokvam deler gode fotballhistorier.

«Utover menneskelege primærbehov er det ingenting eg deler med fleire enn kjærleiken til fotballen» skriv forfattar og journalist Nils Henrik Smith i boka 11 meter – Straffesparkets historie. Fotballen tilbyd ei kjensle av fellesskap, eit fellesskap som brått vart rive vekk då koronaviruset spreidde seg verda over. Fotballen spelar ei viktig rolle verda over, frå små lokalsamfunn til store byar og nasjonar. Denne kvelden møter vi Nils Henrik Smith og Finn Tokvam i ein samtale om fotball og fellesskap. Vi kjem heller ikkje utanom straffesparka, dei avgjerande augneblinka då fellesskapet vert oppløyst og fotballspelaren står der uendeleg einsam:

Nervepirrande, dramatiske, kontroversielle – straffespark har ein heilt særmerkt plass i fotballfolk sine hjarta. Meir enn tjue år etter at det hendte, kan alle nordmenn stadig hugse kor dei var då Kjetil Rekdal scora på straffe mot Brasil.

I boka « 11 meter» tek den kritikarroste forfattaren Nils Henrik Smith lesaren med på ei høgst original og forunderleg reise gjennom straffesparkets brokete historie, frå den irske landsbygda på 1800-talet fram til dagens straffekonkurransar og VAR-kontroversar. Her er innsiktsfulle skildringar av legendariske skyttarar og målvakter.

Nils Henrik Smith fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2007 for romanen Manhattan Skyline og har vore kåra til ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet. Han er fast skribent i Josimar og har tidlegare skrive om norsk forball for NRK.

Finn Tokvam er journalist, musikar og forfattar frå Flåm. Finn Tokvam har ei særeige evne til å kombinere god journalistikk med humor, noko han gjer i stort monn i radioprogrammet P.I.L.S på NRK. Han har skrive fleire bøker og er vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.

Dei to forfattarane samtalar om fotball og fellesskap på Brunsj og briller på Skei onsdag 14 oktober kl 21 og på Lauget kaffi og kultur på Sandane torsdag 15 oktober kl 20.

Programmet er eit samarbeid med Nynorsk kultursentrum.

Levert av findriv