Magasin

Å gå langs hyllene og kjenne drama, kunnskap og fantasi stråle ut frå bokhylla på eit bibliotek er ei utruleg god kjensle.

Eg vaks opp i ein munnleg forteljartradisjon. Mamma fortalde”Bukken som ikkje ville ut av erter-åkeren” og sang ”Kjære gud eg har det godt” på sengekanten kvar kveld. Vi hadde ikkje mange bøker heime, så det lokale biblioteket i Vadheim var viktig for meg. Eg leste mest alle bøkene på det vesle biblioteket – ”Otto Sylvhand”, ”Randi til rors”, ”Kristin Lavransdatter” og ”Sveve over vatna”. Det beste eg viste var å lese! Les mer

Levert av findriv