Om Anders Viken – mannen, spelet og drivkrafta bak slåttane.
Musikken til Anders Viken ligg inn i framtida, skal Sigbjørn Bernhoft Osa ein gong han sagt. Spelemannen frå Jølster var kjend for å «bruke baae felone meisterleg».
I eit konsertprogram kunne «Ave Maria» stå side om side med «Fanitullen». Då han sjølv tok til å komponere musikk, eller tonestykkje som han sjølv kalla det, var dei fine og krevjande melodilinjene prega av kor teknisk god han var, både på flatfele og hardingfele.
Kvar kom skaparkrafta frå? Korleis let det seg gjere å kombinere familieliv og lærargjerning med ei så rikt og nyfike kunstnarskap? Korleis var dagane og tankane, draumane og vonene?
Rom for ord og Førdefestivalen har invitert forfattar Arne Henning Årskaug til å skrive fram mannen og kunstnaren, i skjønnlitterære tekstbolkar.
I ein av desse tekstane ser forfattaren føre seg korleis det må ha vore for Anders Viken då han spela «Huldresølvet» for kona si, Rakel, første gongen.
Anders Viken høyrer ikkje noko singling når han er i mak i senga si på kvelden, han høyrer ikkje noko singling i vinden som får hengjebjørka til å kjæle med hustaket, han høyrer ingen singling i trevirket som prustar og styn, han høyrer det ikkje i det han moalaus og molefunken sig inn i svevnen, draumeferda, han høyrer ikkje noko singling. Han høyrer ingenting.
Notepapiret på nattbordet er gapande kvitt, kvitt som grovabreen, og pennen, han får vel helst liggje i fred i natt ôg. Anders Viken høyrer ikkje noko singling. Han høyrer ingenting.
Han høyrer ikkje noko fælsleg fabelbryllaup i selet på Kjelsnesstøylen, han høyrer ikkje nokon utspjåka huldrekar som trur han skal bli gift med jenta som huldreslaget har fanga, han høyrer ikkje sølvet dei har kledd ho opp i, Anders Viken høyrer ikkje nokon huldreprest og ikkje ein einaste avstyggjeleg bryllaupsgjest, ingen glånande gygrer, ingen gnarrande glufsetroll, ingen rytande raggbeist, ingen tutande tuftekallar, ingen hurklande heilheimshundar, ingen ufjelge, utstafferte utburdar eller utyske, ingen daudingar med avrivne øyrer og saftlause augeeple, ingen snerrande og villskrikande vetter, ingen krakilske og stivpynta signekallar, ingen vrælande volver, ingen raulande vassdraugar eller remjande deildegastar, han høyrer ingen styggedans eller galdresong, ingen larkelæte eller lurveleven, han høyrer ikkje nokon gut opp på taket som slepp ned tollekniven gjennom ljoren, ingen huldreflukt for stålet ut i natta, han høyrer ikkje nokon singling i sølvet dei ikkje rekk å få med seg.
Anders Viken høyrer ikkje noko singling, han høyrer ingenting, faktisk ikkje ei einaste lita tingling.