Rom for ord

Gjennom Rom for ord tek Sunnfjord kommune initiativ til å etablere eit litterært arrangørledd for distrikta, ein distriktsvariant av litteraturhuset.

Vi som bur i distrikta treng like gode og varierte litterære kulturtilbod som litteraturhusa sørgjer for i dei store byane. Rom for ord vil arbeide for å vekkje interesse for lesing og litteratur, i ei brei forståing av omgrepet; Som tekst i samfunnet. Sjølv om programmeringa i byane inspirerer oss, er vår målsetting å etablere eit litterært arrangørledd som kan utvikle programtypar som går i dialog med distrikta sitt særpreg, våre føremoner. Difor er distriktsmotivet ikkje minst knytt til å bruke scener, møteplassar, rom og hus i bygdelag og grender kring om i heile Vestland fylke. Rom for ord riggar arrangementa som samarbeid med lokale krefter; Lag og foreiningar, bibliotek og museum, privat kulturnæring og offentlege kulturinstitusjonar.

Å dele ei historie, lytte til ei opplesing, drøfte eit tema, undersøke ein påstand. Bli inspirert til handling. Reflektere og tenkje etter. Slike opplevingar vil Rom for ord skape. I møte med bøkene lærer vi både oss sjølve og andre betre å kjenne. Slik kan vi leve betre i lag, forvalte oss sjølve og samfunnet på best muleg vis. Den rike kulturhistoria og store verdiskapinga i bygdene i nye Vestland fylke byggjer på ein lang tradisjon for å vere lesande og skrivande. Ei slik bygdeintellektuell interesse for litteratur, for kunnskap og lærdom inneber ei verdifull tilnærming som har kvalitetar vi vil ivareta og byggje vidare på.

Rom for ord vil ta eit særleg ansvar for å utvikle program som formidlar den nynorske litteraturen til fleire lesarar. Dette ser vi på som ei nasjonal oppgåve. Vi meiner det er svært viktig at slik kompetanse vert sikra og brukt i formidlingsarbeidet, og at dette må forankrast i ein institusjon i våre fylke.

Å utvikle litterære program av høg kvalitet med nynorsk profil vil vere ei kjerneoppgåve for Rom for ord.

Rom for ord vert organisert med styringsgruppe, programråd, kunstnarleg og administrativ leiing. Leiar for styringsgruppa er kommunalsjef for kultur og idrett, Hilde Bjørkum. Kunstnarleg leiar er Janne Karin Støylen. Administrativ leiar er Merete Grimestad Birkeland.