Berit Opheim, Gabriel Fliflet og Bergsveinn Birgisson i ny litterær konsert:
GLIMESTEINAR DU VIL HUGSE
Somme tider hender det noko som gjer at du løfter hovudet.
Noko som kjennest vesentleg. Noko du vil hugse.
På Island lagar folk viser i slike situasjonar. Visene har ei fast form og finn
seg tonar frå tradisjonen. Hugsar du tonen, hugsar du orda – og omvendt.
Slik hugsar du også det viktige som hende deg.
– Johannes Gjerdåker har gjort eit fantastisk arbeid med utval og gjendikting av
visene våre i «Glimesteinar». Det er ei glede og ei ære for meg å få samarbeide
med Gabriel Fliflet og Berit Opheim om å formidle sjangeren som eg er så glad
i, seier den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson.
– Eg er så heldig at eg har vakse opp med denne visekunsten, fortel Birgisson.
– Om ein stortingsrepresentant skal vinne respekt av andre på Althingi i Reykjavik må han vere i stand til å lage ei slik vise, ei ferskytla. Det same gjeld andre
yrkesgrupper. Når det i Dagsrevyen vert fortalt om ein kvinnekjær president i
Amerika, innleier reporteren saka med å kvede ei vise om kvinnekjære mannfolk. Når ein professor på Universitetet skal forelese om kva danning eigentleg
er, siterer han ei ferskytla, greier den ut og seier stort sett ikkje meir om emnet.
Feirar du fødselsdag på Island, er den ikkje vellukka om ikkje det vert laga ei
vise om bursdagsbarnet, forklarer forfattaren som vil fortelje publikum meir om
denne eineståande folkediktinga som er allemannseige på Island.
Førdefestivalen – folkjazzscena og Rom for ord mønstrar eit stjernelag når dei
islandske visene møter publikum i nynorsk språkdrakt denne hausten. Til den
litterære konserten «Glimesteinar» har Gabriel Fliflet tonesett fleire av visene
i Gjerdåker si fine samling. – Tekstane er konsentrerte og poengterte, fortel
musikar og komponist Gabriel Fliflet. – Det som skal seiast vert uttrykt i fire,
korte linjer. Melodien må rekke å starte si ferd, gjere si reise og lande att. Ingen
refreng, ingen omkvede. Det er ei spanande utfordring!
– Eg gler meg stort til å få vera med å formidla desse vakre, poetiske og
fortetta tekstane til tradisjonelle norske og islandske melodiar, i tillegg til
Gabriel sine nye, flotte meloditilskot. Det er inspirerande å vera i innøvingsprosessen med å lesa tekstar, øva inn nye melodiar og laga arrangement saman
med Gabriel og Bergsveinn. Rett og slett stas, seier vår kanskje aller fremste
folkesongar Berit Opheim