SOM OM EG SYNG OM DEG
– Når eg skaper musikk er det som om eg går inn i eit rom. Kvar
song er eit nytt rom. Eg opnar nye dører, lenger og lenger innover i livet. Eg fortel kanskje om meg sjølv. Men eg håpar du
kjenner at det er di historie. At det er deg eg fortel om. Då blir
det laga ei bru, og eg kan nå deg med musikken min. Som om
eg syng om deg. Det vil eg. Nå deg og syne deg det som er ditt

Å sjå Beate Lech på scena er som å sjå musikk. Musikken finst i kvar nerve
i henne, mange meiner ho er vår aller fremste kvinnelege vokalist, slik som
kollega Simone Larsen i D`sound, ein gong sa det: – Beklager til dokke andre,
ho Beate er best!
Siste helga i oktober gjer artisten ein eksklusiv turne for Rom for ord og Litteratur i grendehuset saman med David Wallumrød. Også han er rekna for å
vere mellom våre aller fremste musikarar, ein trollmann på tangentar. Ikkje i
fremste rekke, men i bandet bak artistar som Odd Nordstoga, Bjørn Eidsvåg,
Maria Mena og Jarle Bernhoft er han eit førsteval.
Beate Lech har i mange år vore frontfigur i det internasjonalt kritikarroste
bandet ”Beady Belle”, men gav i fjor ut soloplata ”On my own”. Til det ein
kan lese som ståande applaus frå eit samla kritikarkorps synte ho på nytt ei
eineståande musikalsk formidlingsevne i komposisjonar som foreinar jazz,
afroamerikansk soul, norsk salmetradisjon og fleire andre inspirasjonskjelder.
Intimkonserten med Beate Lech og David Wallumrød er vår feiring av songlyrikken som litterær sjanger, slik den har blitt løfta gjennom prisar både
til Bob Dylan og Bruce Springsteen det siste året. Songteksten er også svært
viktig for Beate Lech. –Eg jobbar på forskjellige måtar, ofte kan eg la musikken få ei litt anna meining enn den du høyrer i teksten, slik at musikken
blir ein undertekst. Anten som ein kontrast til, eller som ei understreking
av det som vert sagt i songen. På plata ”Min song og hjarteskatt” toneset eg
lyrikarar som Marit Kaldhol, Bente Bratlund og Hilde Myklebust. Og mi eiga
mormor. Eg gløymer aldri korleis ho kjempa seg tilbake og fann att språket
sitt etter at ho fekk slag. Så skreiv ho desse tekstane. Dei betyr så mykje for
meg, understrekar Beate .
Når ho kjem til Ålhus kyrkje denne laurdagskvelden er det med eit kresent
utval av dei songane som har betydd aller mest for henne gjennom karrieren, i eit heilt spesielt intimt og nært format der songteksten får stort
rom. Song etter song opnar ho dører innover i livet, som om ho ser deg. Og
syng om deg.