GODTFOLK!
I 2018 feirer vi 200 års-jubileum for Vinje. ”Vinje, vår mann” er Sogn
og Fjordane teater og Rom for ord si feiring av målmannen, diktaren
og folkeopplysaren.
”Ferdaminne frå sumaren 1860” var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert. – Og så er det ein formasteleg tanke,seier Lars Amund Vaage, at det kanskje framleis er den beste. Vaage held fram:
– Vinje vart ikkje forløyst som diktar før han fekk landsmålet å dikta på, og
då var han 40 år gammal. Han hadde ei språkmusikalsk gåve, og han trong
fridommen som det eigne språket gir for å få brukt denne gåva. Tekstane
hans er ofte strenge formelt, med klassiske versemål, men med rytmisk og
klangleg rikdom. Ofte diktar han om det opphavlege, det heimlege, det farne.
Det er eige livsmateriale som ligg i botnen. Han kunne skriva om det på
morsmålet. Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma;
Heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma.

«Du les vitet av deg», vart det sagt til Aasmund, då han voks opp. Forholdet
mellom bokleg lærdom og lærdom frå livets skule er ei hovudsak for Vinje,
i både liv og verk. Han var nok ein av dei mest lærde i si tid, men praktisk
lærdom såg han aldri bort ifrå.
– Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage.
I denne litterære framsyninga fortel forfattaren om korleis Aasmund Vinje
har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie
til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i
nokre av Grieg-Vinje, songane. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og
Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.
”Vinje, vår mann” får premiere under kulturnatt i Sunnfjord, fredag 1. juni i
Haarklousalen i Førde. Deretter har framsyninga turnepremiere på Boknatta
i Fjærland laurdag 2. juni.

Rom for ord tilbyr ”Vinje, vår mann” for nye framsyningar i perioden
24. august til 13. september. Ta kontakt for meir informasjon og nærare
avtale: For Rom for ord: Janne Karin Støylen
janne.karin@svidalskriveri.no • tlf. 976 09 477.