VESTLANDET
Ein biletkunstnar og ein poet trassar uver, ras og stengte tunnellar på veg nordover frå Bergen med Lærdalsmarknaden som
mål for reisa. Ei pilegrimsreise, kallar dei det, men av det svært
fuktige slaget. I baksetet i bilen ligg ein svart bag. I den: Ein
hovudskalle. Bondehovdingen Anders Ljøsne vart halshogd på
Nordnes i 1802. No skal han heim til Sogn.

“Vi har her å gjere med ei reservasjonslaus hylling av vestlandet, jo våtare
jo betre. Motgang, motstand, motvind, motkultur og motbakkar har herda
vestlendingen gjennom tusenåra, og no er tida inne for ei lausriving frå
sentralmakta, den instrumentelle oslofornuft og anna elende som kjem
austfrå. Denne ideen vert dyrka av den kompromisslause organisasjonen
VFF, og på meir anarkistisk, sjarmerande vis av dei to kompisane vi følgjer
gjennom romanen.”
Slik skildrar Martha Norheim, litteraturkritikar i NRK denne lesaropplevinga,
og held fram med å slå fast med at romanen er “rein fest og sælebot for ein
vestlending”.
Rom for ord ser etter litterære møtestader i distrikta. Denne gongen har
vi leita langs den same ruta som dei reiser, dei to i romanen. Og funne:
Hornindal, Stardalen, Sogndal, Eikås, Sande i Sunnfjord og sjølvsagt: Gamle
Lærdalsøyri! For å gjere live-versjonen av romanen ”Vestlandet” har Erlend
Nødtvedt invitert med seg musikar Erlend Apneseth, som gler seg stort til å
spele til lesinga på konserten:
– Erlend Nødtvedt og eg møttes første gang i 2012 i forbindelse med
opninga av Litteraturhuset i Bergen der vi blei spurt om å gjere eit program
saman. Sidan har vi følgt kvarandre og opptredd saman ved fleire høve.
Erlend er ein heilt fantastisk opplesar, det er som å spele med ein musikar!
Rytmisk intenst drivande, men samtidig lyttande, open for augneblinken og
improvisasjonen. Så har han inspirert meg svært mykje gjennom det han
skriv; i alle mine utgjevingar er det direkte eller indirekte referansar til
Erlend sine tekstar, fortel Erlend Apneseth