
KUNSTEN Å KOMME HEIM
I programrekka til «Med to til ords» ser vi etter forfattarar som kastar lys over
eit tema frå ulike perspektiv. Programarbeidet legg til grunn ei brei forståing av
omgrepet «litteratur» – som ulike sjangrar og tekstar i samfunnet. Første helga i
juni møtest Hallgeir Opedal og Siri Helle til samtale, lesing og refleksjonar under
tittelen: Kunsten å komme heim.
Hallgeir Opedal er mellom våre mest omtykte portrett-journalistar, sist
gjennom ei rekkje forfattar-portrett som podcast og seinare som antologi i
serien «Bokpod». I fjor gav han ut boka «Heim – ei vandringshistorie» der han
skildra turen frå Oslo heim til Odda, staden han kjem i frå. Turen gjekk til fots
gjennom Telemark over Haukeli, der Opedal reflekterer over å høyre til,
identitet og rotfeste, samt korleis landskap og samfunn er i endring langs ruta.
Siri Helle er aktuell med boka «Med berre nevane» der ho til liks med Opedal
skildrar reisa heim, men med handverket og kulturarven som motiv. Helle fortel
om gleda med å lære seg eit handverk, setje i stand og ta i bruk gamalt verktøy,
lære seg å bruke hendene, ikkje berre til å skrive men også til å bygge og bu:
Saman med lærar, musikar og birøktar Eivind Ødegård, samtalar dei mellom
anna om heimstaden som positivt ankerpunkt eller negativt lodd – å høyre til
eller sitje fast, å ville eller måtte – dilemma som mange i distrikta kjenner på
i dagleglivet og arbeidet med å skape eit godt tilvere for seg og sine i mindre
grender og bygdelag.
Samtalane finn stad på boknatta i Den norske bokbyen i Fjærland
laurdag 6. juni kl. 17.00 og på Sunnfjord museum i Movika søndag
7. juni kl. 15.00
Programrekka «Med berre nevane» er støtta av Fritt ord.