
TIL KJELDENE
– om å skape og fortelje historier
Aina Basso og Ottar Grepstad i samtale med Vidar Parr.
Forfattarane Aina Basso og Ottar Grepstad vert i dette programmet intervjua av
journalist og tidlegare redaktør i avisa Synste Møre, Vidar Parr. Dei tre samtalar
om kjelder, fakta og historiske hendingar, og om kva ein forfattar kan gjere alt
etter kva sjanger han eller ho skriv seg inn i.
Ottar Grepstad er språk- og litteraturvitar med over førti bøker bak seg.
Grepstad har hatt ei rad roller i norsk kulturliv og var i 19 år direktør for Nynorsk
kultursentrum. I 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.
I boka 1900-talet grip han tak i historiske hendingar på nytt, slik det skjedde då
det skjedde. Forteljingane tek til i nærare femti land, vert fletta saman i grense
laus forteljarglede, ordna etter klokkeslettet då det skjedde. Boka opnar ei ny dør
til verdshistoria, fortalt på måtar vi ikkje har sett tidlegare.
Aina Basso debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har
seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn
og unge om heksejakta i Europa. Forfattarskapen er omtykt og prislønt. Aina
Basso er ein faghistorikar som brukar språk og synsvinkel bevisst og godt i den
skjønnlitterære omforminga av stoffet. I den siste, svært sterke romanen hennar
for vaksne, Ungen, baserer ho forteljinga på kjelder frå ei vond rettssak om fleire
barnemord i Kristiania kring førre århundre-skiftet.
Korleis kan historiske hendingar og kjelder inspirere skriving og forteljing?
Korleis kan eit breitt og nyansert tilfang av kjelder medføre ulike framstillingar av
den same hendinga? Korleis kan sakprosa og skjønnlitteratur bidra til å minne
oss om kor samansett sanninga er? Dette er nokre av dei spørsmåla Aina Basso,
Ottar Grepstad og Vidar Parr vil komme inn på i denne samtalen om å skape og
fortelje historier.
Arrangementa er i regi av Rom for ord, i samarbeid med Parken kulturhus,
Ålesund bibliotek, Ålesund litterære salong og Giske sogelag. Programmet
er støtta av Fritt ord og Norsk kulturråd, og er ein del av Rom for ord si
programrekke «Med to til ords».