TIL KJELDENE
– om å skape og fortelje historier
Ottar Grepstad i samtale med Magni Øvrebotten.
Jølstringen og målmannen Ottar Grepstad har hatt ei rekkje rollar i norsk
kulturliv og var direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta i 19 år. I 2018 vart han
utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin. Han er språk-
og litteraturvitar og har skrive over førti bøker.
I den nye boka 1900-talet grip han tak i historiske hendingar mange av oss
hugsar og trur vi veit kva som skjedde. Men Grepstad skriv om kva som skjedde
då det skjedde, med andre kjelder og synsvinklar enn dei vi kjenner. Forteljingar
frå nær femti land, vert fletta saman med stor skriveglede, ordna etter klokke
slettet då dei skjedde. Boka opnar opp ei ny dør til verdshistoria, fortalt i korte og
fortetta forteljingar.
«Den fredagskvelden kom verda inn i hovudet mitt frå ein annan kant enn
før. Dette var noko anna enn å pugge remser av elvenamn i Spania og
Sovjetunionen.» Dette skriv Ottar Grepstad om 22. november 1963, den dagen
president John F. Kennedy vart skoten og døydde i Dallas. – Sidan både Ottar
og eg er fødde fyrst på 1950-talet er nett den dagen det fyrste minnet om ei
skilsetjande hending ute den store verda, seier Magni Øvrebotten.
Boka 1900-talet Forteljingar frå eit hundreår har med alle desse skakande
hendingane vi lett hugsar og fleire vi knapt har fått med oss. Korleis formar
hendingane i verdshistoria liva og samfunna våre, i stort og smått? Kvifor er det
viktig med fleire kjelder om det som skjedde? Kva er sant og ikkje sant? Kven
bestemmer sanninga? Ja, kvifor måtte Ottar Grepstad skrive nett denne bok?
Dette er nokre av spørsmåla Magni Øvrebotten og Ottar Grepstad vil kome inn
på i denne samtalen om å skape og fortelje historier.
Arrangementet er i regi av Rom for ord, i samarbeid med Botnane og
Årebrot grendalag. Programmet er støtta av Fritt ord og Norsk kulturråd,
som ein del av programrekka «Med to til ords».