Tidlegare i vår fekk Kjersti Mjør kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.
Juryen drog fram evna til å skildre liv og lagnader med varme,
nysgjerrigheit og humor i grunngjevinga si.
Kollega Jens Kihl i Bergens Tidende sa det slik:
«Ho får tagale hardingar i tale. Ho får tytete bergensarar til å tenkje. Og etterpå skaper ho ordkunst av det ho fann. Ingen skildrar
vestnorsk liv som Kjersti Mjør.»
Denne hausten er ho aktuell med biografien om SV-dronninga
Oddny Miljeteig. Boka har fått tittelen «Hjartebank». Det er grunn
til å vente seg ein tekst av den typen Kjersti Mjør er kjent for, der
vi får fylgje orda fram til den inste grinda i livet les viom.
Kjartan Brügger Bjånesøy er som Kjersti ein omtykt portrett-journalist, med lang fartstid i Dagbladet sitt laurdagsmagasin. I vinter
gav han ut boka «Kjære pappa. Vi er andre menn no». Han tek
lesaren med over fjellet heim til Austevoll, der faren har fått slag
og tilveret dreier seg om å takle det eine tapet etter det andre.
Forteljinga er djupt rørande, personleg og ærleg.
I dette programmet fortel dei to journalistane om arbeidet med
bøkene, og samtalar om korleis det levde livet inspirerer skrivinga.
Korleis viser den seg, den grinda ein ikkje skal trenge seg forbi?
Korleis kan orda likevel nå over og fram til lesaren?
Vi teier ofte om det næraste i dagane som kjem og går. Kjersti og
Kjartan skriv om sjølve livet, slik at vi kan finne orda vi treng for å
nå kvarandre.
Programmet er utvikla av Svidal skriveri for Rom for ord, med støtte
frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturråd.