AGNES RAVATN

Agnes Ravatn er denne hausten aktuell med essay-samlinga ”Verda er ein skandale”. Her samtalar ho med Einar Økland, mellom anna om lykke. Er lykke, som Aristoteles hevdar, å realisere sitt potensial? Eller er det heller, slik Økland hevdar, å gløyme seg sjølv?

Velkommen til dette møtet med Agnes Ravatn på Logen scene i Bergen. Det blir eit høve til å høyre kva forfattaren sjølv meiner om saka. Teateret spelar denne veka ”Fugletribunalet” som gjestespel på Hordaland teater.

Også karakterane i romanen, Allis og Bagge, balar med lykka, kva den er og ikkje er. Kanskje er det også slik for dei, at dei ikkje kan tenkje seg å vere i lag med nokon som ikkje har anlegg for depresjon?

I alle fall er forteljinga om dei to grunnlag for det avisa Firda skildrar som «eit menneskeleg drama som av Anne E. Kokkinn og Kyrre Eikås Ottersen blir meisla ut på ein lågmælt og fjellstø måte utan daudpunkt.»

– Vi gratulerer med nyopinga av Logen! Det er stor stas for oss å få lov til å opne haustsesongen på Hordaland Teater, smiler Bodil Kvamme teatersjef ved Sogn og Fjordane teater.
Samtalen vert leia av Janne Karin Støylen frå Rom for ord.

Livet, havet og kjærleiken. Evige tema i ei kvar forteljing. Når Sogn og Fjordane teater set «Fugletribunalet» på programmet strammar dei grepet og skrur opp spenninga; Havet blir ein trong fjord, kjærleiken blir ei farleg forelsking. Synd og soning er drivkrefter i liva til Allis og Bagge.

– Innerst i denne historia nst ein thriller, eit drama som dirrar
av løyndomar. Det er desse løyndomane som lokkar meg til å lage teater av Agnes Ravatn sin roman, seier regissør Trond Lie. – Vi har leita fram dialogen mellom dei to. Dei kjem frå kvar si verd. Han er mann. Ho er kvinne. Bagge har dette typiske vestlands-lynnet. Traust. Tilbakehalden. Men med kjenslene rett under huda, sterke og levande. Så kjem Allis. Frå byen. Frå ei anna verd. Kven er ho? Litt etter litt forstår Bagge at Allis ber på ei skam, utdjupar Lie.

– Eg er veldig begeistra for denne forteljinga, eg opplever at romanen til Ravatn kommuniserer noko som gjeld oss alle.
I bearbeidinga av romanen opplever vi at kvar situasjon, kvar scene kan bety to ting. Minst! Forteljinga blir som eit abstrakt maleri, det er opp til den som ser og sjå kva som nst i bildet.
På same tid er det ei intens spenning i dette tolkingsrommet:
Kva er det eigentleg som har hendt? Korleis kjem dette til å gå? Publikum får nok ikkje servert enkle svar, men spennande spørsmål, det kan vi love!