
BREMNES & LARMO
Songaren, forfattaren og kulturmennesket Ola Bremnes har lang
fartstid. Han starta karriera saman med systera Kari allereie i 1980,
og skapte med sin første eigenkomponerte visemelodi ei landeplage
vi framleis lett nynnar med på. Teksten var skriven av far deira. Ole H.
Bremnes, og handla om at det skulle bu folk i tomme hus.
Folk treng hus og hus treng folk.
Vi som bur i distrikta kjenner oss godt at i den vakre visa. For litteratursatsinga «Rom for ord» kunne songen godt ha vore ein kjenningsmelodi. Gjennom tre år har vi arbeidd for å fylle hus i distrikta både
med folk og bøker, grendehus kring om i bygdene har vore lokale
litteraturhus i prosjektet.
Når Ola Bremnes no kjem til Fjærland med songar og forteljingar, er
det folk og landskap langs leia vi får høyre om. Han inviterer publikum
med på seglas langs den ruta Hurtigruta har segla i 125 år, frå Bergen
til Kirkenes. Med stor entusiasme fortel han om menneske og stadar
vi reiser forbi. Fleire av historiene er fornøyelege, andre handlar om
tap, katastrofer og forlis.
Hurtigruta rommar så mykje, både av fortid og notid. Den er både
handelsskip og turistrute, kvardag og eventyr i same båt. I tillegg til
Ola Bremnes sine sprudlande anekdotar og nydelege tonekunst, slår
den unge kunstnaren Ida Larmo fylgje med leikne illustrasjonar av alt
vi får høyre om.