Eg snakkar om det heile tida

Velkommen til Jakob Sande-tunet og denne forfattarsamtalen mellom Camara Lundestad Joof og Gulraiz Sharif, leia av Ida Vågsether:

Brun først, og alt anna etterpå? I kvar sine sjangrar set forfattarane Camara Joof og Gulraiz Sharif ord på kvardagsrasismen, slik den finst i samfunnet og slik den blir ein del av den ein er, når ein er brun. Rasisme til trass: Kortprosa-samlinga «Eg snakkar om det heile tida» og ungdomsromanen «Hør her`a» blir tatt i mot med opne armar av norske lesarar og kritikarar.

Camara Lundestad Joof og Gulraiz Sharif gjev stemme til erfaringar vi gjerne lyttar til, og dei gjer det på måtar som vitaliserer både litteraturen og språket vårt.

Kanskje kan møta mellom litteraturen og lesaren ta knekken på kvardagsrasismen ein gong for alle? Høyr forfattarane samtale og lese frå bøkene sine i Jakob Sande Løa i Klokkargarden.

Arrangementet er ein del av programrekka «Lese. Leve» og er utvikla av Rom for ord – litterære møtestader i distrikta. Programma er støtta av Fritt ord og Norsk kulturråd.