
LITTERÆR FESTSTUND MED
FLØGSTAD, FLIFLET OG YTTRI
Aust i Finnmark oktober 1944: Kcenia Nyslåttbuktmo vaskar hjartet
til den vesle Pøyken sin med snø, skurar ned heile huset, mjølkar kua.
Finnmark brenn.
Frå London kjem fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima («Han kan
rima!») med oppdrag å avhøyra ein tysk offiser med mykje å lyga om.
Etter freden, midt i Oslo, leverer advokatane skarpskodde skriv om kor
lite hopehav det var mellom norske kapitalistar og tyskarane. Pengar
luktar ikkje, bortsett frå ein mild eim av cyanid. Etterkrigstida strammar grepet. På underjordisk vis er verda kabla saman. Vest møter
Aust, i Norge og i den vide verda.
«Due og drone» er forteljinga om dette. Romanen får overstrøymande
mottaking av meldarane i bokhausten. Terning etter terning syner
seks auge og boka vert omtalt som ei litterær storhending.
Vi har gleda av å invitere til ei feststund med forfattaren på fire scener
i Sogn og Sunnfjord i slutten av november. Kjartan Fløgstad har
gjeve ut over 50 bøker sidan debuten i 1968. Han har prega både den
litterære og politiske debatten i Noreg. For boka Dalen Portland fekk
han i 1978 Nordisk råds litteraturpris. I 2008 fekk han Brages ærespris.
«Due og drone» er eit nytt høgdepunkt i forfattarskapen.
Til å leie festen og samtale med forfattaren har vi fått med oss
historikar ved Høgskulen på Vestlandet Gunnar Yttri. – Eg er ein stor
Fløgstad-fan, seier Yttri. Mange kjenner han også som gitarist, songar
og mannen bak ord og tonar i bandet «Billa and the kid». Til glede for
Gunnar Yttri sin eigen fanskare kan vi love at han kjem til å ta med
gitaren.
Kjartan Fløgstad er også poet og songlyrikar, i programmet blir det
både song, lesing og historier frå denne delen av forfattarskapen.
Gabriel Fliflet har sett tone til fleire av Fløgstad sine dikt og slår fylgje
både på trekkespel og piano gjennom den litterære feststunda.
Programmet er utvikla av Svidal skriveri for Rom for ord med støtte
frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Nasjonalbiblioteke