
De var ni sysken
Ein familie med spelemenn,
også jentene
Enno seier folk det:
Dei var så mange, og dei var så gode.
Moses med det milde blikket.
Til denne framsyninga har forfattaren skrive nye, biografiske og poetiske forteljingar om Ola og Ivar Kjellstad, Gabriel Reed og Moses Paulen.
I programmet les ho tekstane i ei veksling med at Britt Pernille Frøholm spelar slåttar etter dei same spelemennene. I tillegg er framsyninga bygd opp med autentiske foto som vert viste på lerret undervegs i konserten.
Marianne og Britt Pernille laga programmet til folkemusikkfestivalen i Førde i fjor, i samarbeid og på initiativ frå Rom for ord. Dei litterære tekstane Marianne har skrive, gjer at spelemennene blir levande for lyttarane – med sine liv, draumar og kvardagar, slik dei hadde det, eller kan ha hatt det.
Ho søker seg fram til dei med ein prøvande, spørjande tone – Korleis var det å gå gjennom livet med ei så sterk skapande åre slik vilkåra var, då?