
Til «Folkemusikken og forteljingane» skreiv forfattar Marianne Clementine Håheim fram biografiske forteljingar om slåttekjeldene til folkemusikar Britt Pernille Frøholm frå Hornindal.
Framsyninga hadde premiere på Folkemusikkfestivalen 2021.
Her fylgjer eit kort utdrag, om ein av spelemennene som vart skriven fram frå skuggane: Moses Paulen.
I Paulstunet var det sjeldan stilt
De var ni sysken
Ein familie med spelemenn,
også jentene
Enno seier folk det:
Dei var så mange, og dei var så gode
Særleg Moses
med det milde blikket
ein av Anders Reed sine beste elevar
som drøymde om å leve av musikken
men var bunden i odel til garden
Der i dalen
kor det er så djupt og trongt
kor fjella pressar seg inn
over tuna
I eit landskap Henrik Ibsen skildra som
«en Revne mellom de bugtede, uhyre, sønderrevne Fjeldmurer»
Der skapte de liv og musikk
utan sidestykke
strekte dykk mot himmelen
ut av revna
Tidlegare har eg tenkt på Paulen
som ein forlaten stad
Når eg går der no
er det nesten som eg kan høyre
latter og skrål
sjå ungane springe i lang lang rekkje
lyden av menneske i samvær
som eit gamalt ekko frå fjella.