
Hausten 1940 går hurtigruteskipet D/S «Prinsesse Ragnhild» ned utanfor Bodø. Vera Lind og hennar nyfødde son Olav overlever, men ektemannen og hundrevis av andre druknar.
Hausten 1944 sig ubåtjagaren «Hitra» inn til kai på Dombevågen, på Øya Hovden nord for Florø. Kort tid i førevegen kom følgjande melding over radio frå London: «Fanden er på vingene».
Med kvar si høgdramatiske, maritime scene frå andre verdskrigen opnar Aslak Nore og Rune Timberlid dei to siste bøkene sine «Havets kirkegård» og «Jakta på Siskin».
Nore skriv skjønnlitterært og boka markerer starten på ein familiekrønike i tre band. Timberlid formar den dramatiske soga om Milorg-styrken Siskin i Sogn som sakprosa.
Krigen ser ut til å vere eit utømmeleg råstoff for forteljingar og framstillingar i ulike sjangrar. Korleis har krigshendingane kome til å prege oss i generasjonar framover mot vår tid?
Og kva forteljingar finst her, i våre eigne grendelag, som tiår etter tiår seinare framleis ikkje har kome fram i lyset?