
ERIKA FATLAND
Erika Fatland er forfattar og sosialantropolog. Hun debuterte med barneboka Foreldrekrigen i 2009 og blei brageprisnominert i 2011 for boka Englebyen, om Beslan etter terrorangrepet. I 2012 kom Året uten sommer, om 22. juli-tragedien. Bøkene er omsett til re språk. Fatland har studert og arbeidd internasjonalt og har vore stipendiat ved Norsk utanrikspolitisk institutt.
Sovjetistan er Erika Fatland si siste bok. Dette er ei eineståande reiseskildring frå ei verd dei færraste nordmenn kjenner. Dei tidlegare sovjetrepublikkane Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan blei sjølvstendige då Sovjetunionen braut saman i 1991. Korleis har landa utvikla seg sidan?
Erika Fatland sine skildringar rører seg mellom skattane i Samarkand og tristessen i sovjetarkitekturen, også med gripande menneskemøte.
Erika Fatland vert stadig løfta fram som ein av dei mest intressante unge samtidsforfattarane, både her heime og i internasjonale samanhengar. I operalåven fortel ho frå reisa austover gjennom –stan landa.
ERIK FOSNES HANSEN
Erik Fosnes Hansen (f. 1965) er mellom dei fremste i sin generasjon av norske forfattarar. Forfattarskapen er ikkje omfangsrik, men kvar skjønn- litterær utgjeving har vekt stor merksemd. Bøkene har funne mange lesarar og fått varm mottaking verda over.
Han var berre 20 år da han i 1985 debuterte med Falketårnet, ein fabel- roman med handlinga lagt til ei borg i Sør-Tyskland i krossfararane si tid.
Den neste romanen, Salme ved reisens slutt kom i 1990 og blei ein
stor suksess både i Norge og etter kvart også i utlandet. Beretninger
om beskyttelse, blei lansert 1998 som den første av to samanhengande romanar. Deretter kom Løvekvinnen, i 2006. For begge dei to sistnemnde mottok forfattaren Bokhandlerprisen.
Løvekvinnen er lmatisert i ein stor norsk-tysk-dansk samproduksjon, med Rolf Lassgård i hovudrolla som stasjonsmester Arctander.
Erik Fosnes Hansen sin nye roman Et hummerliv handlar om Sedd, ein gut på grensa til vaksenlivet og om hotellet som er barndomsheimen hans. Året er 1982, og Fåvnesheim har lenge prøvd å gjere seg lekkert med både symjebasseng og minigolfbane. Likevel kjem ikkje turistane.
Faren til Sedd var ein vikarlege med indisk opphav. Det siste han gjorde her i verda var å befrukte mora til Sedd, hotelldirektørdottera. Om mora veit han nesten ingenting, han hugsar lukta av ho og det reveraude
håret, men det er alt. Det er bestemor frå Austerrike og bestefar og kokken Jim som er familien hans. Og det er desse tre, som saman med Karoline, ein ganske påtrengande og pågåande liten gjest, som utgjer grunnstammen i livet hans. Og så byrjar historia å rulle, fram mot ein slutt som tek pusten frå lesarane.
Erik Fosnes Hansen les og fortel frå denne nye romanen sin, om for- fattarskapen og skrivinga etter middagen i Operalåven.