Litterært kveldssete på Ålhus: Bergsveinn Birgisson

Forfattaren Bergsveinn Birgisson (1971) kjem frå Island, og er utdanna
doktor i norrøn filologi, etter ei avhandling om skaldediktning ved
Universitetet i Bergen i 2008.
I 2012 blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen
Svarvið bréfi Helgu, som den litterære samtalen her i prestegarden
vil dreie seg om. Boka er omsett til norsk av Johannes Gjerdåker og
utgjeven som Svar på brev frå Helga. I 2013 vart han nominert til Brageprisen
for fagboka Den svarte vikingen. I 2014 ble Soga om vêret
(Landslag er aldrei asnalegt), Boka er omsett av Margunn Rauset, frå
Gloppen. I oktober 2015 Birgisson ut Geirmundar saga Heljarskinns på
Island. Dette er ein roman om stamfaren Geirmund Heljarskinn, som han
også skreiv om i Den svarte vikingen.

Bergsveinn Birgisson skriv om den lesande bonden slik vi også kjenner
han, særleg her på Ålhus der den eldste bokringen i landet vart etablert
her i prestegarden kring 1890. Vi er inspirerte av figurane hans når
vi lagar litteraturhus på vår måte kring om i grendene. Prestegardsstovene
er rette staden for eit møte med den islandske forfattaren, og
vi i ”Litteratur i grendehuset” vil takke sokneprest Silje Sørebø så mykje
for vertsskapen og samarbeidet. Vi vil også takke Førdefestivalen for at
vi kunne hjelpast åt med dette forfattarbesøket i tilknyting til konserten
”Tidekverv” i regi av folkjazzscena i Ålhus kyrkje.

Bergsveinn Birgisson har saman med Erlend Nødtvedt skrive dei vakre
tekstane til Tidekverv-balladane vi nett høyrde i kyrkja. Både i balladane
og i forfattarskapen elles går dette temaet igjen: Han skildrar menneske
som har sterke røter i omgjevnadane sine. Nett slik eg har lært jølstringane
å kjenne. Eg frydar meg over tekstane hans, og gler meg stort til å
samtale med han heime i prestegarden, helsar Silje Sørebø.

Kring 1890 tok dåverande sokneprest i Jølster Christian Astrup initiativ
til å skipe ein lesering på Ålhus, og inviterte til møte i prestegardsstovene.
Bokringen har teke nye namn, og møta har gått på omgang på gardane
heilt fram til i dag.

I boksamlinga, i bok nr. 15: «Norsk Maallære (gramatik) av L. Munthe-
Kaas, finn ein skrive følgjande reglar for utlån av bøker i «Læseselskabet
Ungdomshåbet»:

«Enhver der låner bøger tilhørende Læseselskabet, har at behandle
dem smugt. Samt regelmessig at tilbakelevere dem når udlånstiden
er forbi. Den der beskader en bog, pliktes at utbedre skaden.
Bortkomne bøger betales etter innkjøpspris. Udlånstiden settes til 3
uger. Udlånspris for ikke medlemmer settes til 2 øre.
(Jølster – november 1892 – A. Egge)

Den religiøse litteraturen i samlinga var det presten Astrup som sytte for,
og ein veit at Astrup gav bøker til samlinga. Søren M. Øvrebø, som seinare
vart lensmann i Jølster, synte stor interesse for å samle litteratur om jordog
skogbruk.

I 1895 skriv bibliotekaren i LæseIskabet følgjande:
«Ungdomshåbet har no i try år stubba og gått – desse åra har det
vore kjøpt for 90,50 kr. i bøker, og fengje bøker fyr kr. 48,10. Eig
altso eit boklag på 15 148 sider. Samla bogladeverdi kr. 138,60.
«Meddelt av bibliotekaren»

Jølster var også tidleg ute med bibliotekdrift, og «Jølster bibliotek»
vart starta i 1838 med at Ludvig Daae (Ludvig Ludvigsen Daae), son til
Kristen Daae (prest i Jølster 1817-1837) gav bygda bøker. Daae var m.a.
universitetsbibliotekar frå 1869, og i 1876 vart han utnemnt til professor
i historie ved universitetet i Christiania. Det var truleg ikkje samanhengande
bibliotek-drift, men det finst protokollar frå 1900 og framover som
syner at Ålhus var eit lesande folk.

(Frå artikkelen: Ålhus lesering – leseglede i nær 100 år, av Kari
Øvrebø og Aina Gamborg.)