
Både far og forfattar, både mor og poet. Hilde Hagerup og Magnus Takvam deler minne frå ein barndom i kvar sin kunstnarheim, og ser med vaksne blikk tilbake på foreldra sine liv.
25 år gammal og berre nokre månader etter at sonen Magnus vart fødd i 1952, gav Marie Takvam ut si første diktsamling. Ho flytta frå den vesle bygda i Hjørundfjorden på Sunnmøre og fann seg ein heim i storbyen rett etter kringen.
Som poet etablerte ho seg raskt som ei omtykt nynorsk diktarstemme og blei ein del av kunstnarmiljøet i hovudstaden. I biografien «Hun skrev for å kunne leve» fortel sonen ærleg og kjærleg om mor si, i eit medrivande kunstnarportrett om ein av våre fremste lyrikarar.
Då forfattaren, skodespelaren og regissøren Klaus Hagerup gjekk bort i 2018, tok eit allsidig forfattarskap slutt. I biografien «Like fint å jobbe som å danse» skriv dottera Hilde Hagerup om far sin som ei utålmodig sjel, ein som skreiv og arbeidde heile tida. – Eg skriv for å forsøke å halde han fast, seier Hilde.