Mitt sommarles-minne

Eg er for gamal til å delta på sommarles, men i dag var ein spesiell dag for tilbakeblikk.
Klovnen Knut er på besøk, og han får barna som møtte opp i dag til å hoie og le. Barn frå tre og opp til tolv-tretten sit saman med foreldra, og gledar seg til å finne ut om dei vann ein premie. Det var heilt forskjellig frå før, då vi fekk is og premie. Begge deler er uansett kjempebra, for det er viktig å bevare literaturen når nokon ville kanskje ha sett på ein film i staden for. Utvikliga ved å registrere bøker har vert spesielt bra, og det har gått frå å skrive ned dei bøkene du har lest til å registrere dei med nokon tastetrykk. Til og med fjortis- fjertisen eg hadde lyst til å vere med.
Lesing og skriving er jo ein slags tradisjon som er vikitig å bevare, for ein dag kan den seksåringen vere ein bestselgjarforfattar, han treng berre sjangsen!
Då dei leverte ut premiane blei eg mint på då eg pekk premiar og, og kor kjekt det var. Eg handhelste til og med på ein mann som seinare viste seg til å vere ordføraren! Eg fekk lydboka «Doktor Proktor og tidsbadekaret», som fekk meg til å lese heile serien om Pelle, Lise og Doktor Proktor, og det var kjempebra at eg gjorde, eg elska dei bøkene!
Det er verkeleg ein fantastisk innsats frå biblioteket for å gjere dette, og det er att på til gratis!
Skrive av Sara Båtevik (14), Vassenden.