
Morskap
Livsval og sjangerval, kunstnarliv og familieliv. I dette spennet går praten når Agnes Ravatn, Randi Fuglehaug og Annlaug Børsheim møtes til samtale, lesing og musikk. Den norske bokbyen var digitalt vertsskap for premieren på programmet, som vart tatt opp i Fartein Valen heimen i Sveio, 21 mai 2020.
-Dette er eit inspirerande døme på korleis arrangørar i det nye storfylket kan finne kvarandre og hjelpast åt i arbeidet med å utvikle litterære møteplassar i distrikta, seier kunstnarleg leiar i Rom for ord, Janne Karin Støylen. Med satsinga «Rom for ord» tek nye Sunnfjord kommune initiativ til å utvikle ein distriktsvariant av litteraturhuset med heile Vestland fylke som nedslagsfelt.
– Vi som bur i distrikta ynskjer oss eit like godt og variert litterært kulturtilbod som litteraturhusa sørgjer for i dei store byane, men her må vi gjere det på andre måtar. I grender og bygdelag finst sterke tradisjonar for å vere lesande, skrivande og skapande. Unike miljø, som bokbyen i Fjærland og Fartein Valen-heimen i Sveio er eit særmerke for kulturarven ute i distrikta. Vi ser etter korleis arrangementa kan styrke lokalmiljøa og det frivillige lags og organisasjonslivet. Her vert det gjort eit uvurderleg arbeid for å halde slike miljø i hevd, forklarar Janne Karin Støylen.
Programmet «Morskap» var planlagt til fleire scener i Sogn og Sunnfjord i mai, men vert no i staden synt digitalt.
Agnes Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit. Særpreget er gjennomgåande i alle bøkene hennar, både i essayistikken og i prosaen. Ho er ein populær og omtykt forfattar, og har utvida lesarskaren ytterlegare når ho no i siste utgjevinga si utforskar krimsjangeren i «Dei sju dørene». Randi Fuglehaug er journalist og forfattar, og har skrive både barnebøker og sakprosa tidlegare. I si siste utgjeving debuterer også ho som krimforfattar med «Fallesjuke». Annlaug Børsheim er eit førsteval for mange forfattarar når ein ynskjer seg musikalsk fylgje i litteraturformidlinga. Som folkemusikar, komponist og skodespelar gjev ho tekstane større spelerom og tolkingsrom.
Til felles har dei tre at dei brukar si eiga livsfase i det kreative arbeidet: Heimlengt, etablering og småbarnsliv, verkar side om side – og ofte i konflikt – med skaparkraft, integritet og ambisjonar. Dei samtalar og reflekterer over livsval og sjangerval, kunstnarliv og familieliv i dette programmet. «Morskap» vert sendt frå Fartein Valen-heimen i Valevåg i Sveio, i samarbeid med Valenheimen kulturscene, tre generasjonar Langåker og noverande eigar Fartein Valen-Sendestad.
Programmet er støtta av Norsk kulturråd. Den digitale formidlinga er støtta av Fritt ord.
Sjå Morskap her:
Frå venstre JK, Agnes Ravatn, Randi Fuglehaug og Annlaug Børsheim