NYNORSK BARNEBOKFEST.

Nynorsk barnebokfest er ei årleg feiring av den nynorske barneboka. Rom for ord er initiativtakar og arrangør saman med kulturhus, teater, bibliotek og andre samarbeidspartar i det nynorske kjerneområdet. Arrangementet vert gjennomført som ein laurdagsfest for heile familien på utvalde kulturhus og bibliotek i Vestland fylke. Barnebokfesten vart arrangert første gong i 2017 og har vore arrangert kvart år sidan. Så langt er det kulturhusa på Eid, Sogndal, Førde, Os og Luster som har vore vertsskap for festane. Hausten 2020 vonar vi at endå fleire kulturhus vert med på laget.

Rom for ord er initiativtakar for koordinerer mange positive samarbeidspartar i planlegging o gjennomføringa av nynorsk barnebokfest, her representert ved Teater Vestland, Vestland fylkesbibliotek, lokale bibliotek, det lokale kulturhuset og den lokale kulturelle skulesekken.

NYNORSK BARNEBOKFEST – BAKGRUNN:
Nynorsk barnebokfest er ei årleg feiring av den nynorske barneboka utvikla av Rom for ord. Barnebokfesten vert arrangert i kulturhus med bibliotek som ein del av tilbodet på huset, eller i nærleiken av kulturhuset. Arrangementsforma er malbasert på ein slik måte at alle kulturhus med tilknyting til eit bibliotek skal kunne vere vertskap for barnebokfesten.

NYNORSK BARNEBOKFEST – INNHALD, ORGANISERING OG MÅLSETTING:
I dåverande Hordaland og Sogn og Fjordane fylke var vi og er vi framleis i ei særstilling når det gjeld nynorsk som opplæringsmål for barn og unge, fordi dei aller fleste kommunane i det nye storfylket har nynorsk som administrasjonsspråk. Nynorsk er likevel eit mindre brukt språk i offentlegheita kring borna, er det viktig at borna får møte skriftspråket sitt frå dei er små, i heimane, i skulen og i barnehagen. Og på fest!
Den nynorske barnelitteraturen held høg litterær kvalitet, og markerer seg langt sterkare enn kva utgjevingstalet skulle tilseie når det gjeld pristildelingar og innkjøp for omsetjing i utlandet. Det er likevel ei utfordring å sørgje for at dei nye, nynorske barnebøkene når heilt fram til lesaren i målgruppa.

Den nynorske barnelesaren treng fleire og betre møter med tekstar på si eiga målform. Vi veit at born lærer språk gjennom øyret, og at høgtlesinga dermed blir særleg viktig å støtte opp om. Høgtlesinga skjer i barnehagen og i skulen, men minst like viktig er det at høgtlesinga også har gode vilkår i heimane. Alle barn har eit potensiale for å kunne like å bli lest høgt for, seier forfattaren Maria Parr. Dette er eit potensiale vi vil strekkje oss etter å realisere. Difor vil vi utvikle denne festen for barneboka for heile familien, også for den vaksne formidlaren som har ei så viktig oppgåve her.

Gjennom Nynorsk barnebokfest vil Rom for ord saman med nokre utvalde kulturhus i involvere ei rekkje samarbeidspartar i å utvikle ein laurdagsfest for å løfte fram den nynorsk barneboka og formidlinga av den. Barnebokfesten vert utvikla i dialog med fleire bibliotek i Vestland fylke. Med regionteatret vårt, Teater Vestland, som viktig bidragsytar, er det naturleg å sjå etter korleis barnebokfesten kan turnere kring om i fylka, etter den malen vi utviklar i. Det er ein fordel, men ikkje ein føresetnad at biblioteket er lokalisert i eit kulturhus, slik at fleire rom er tilgjengelege for innhaldet i programmet.

I samarbeid med mellom andre den lokale kulturelle skulesekken og lokale bibliotek vil fleire av programtilboda gå inn som eit tilbod i barnehagar og skular som soknar til det aktuelle kulturhuset og biblioteket dagane i førevegen eller i etterkant av festen.
Utover dei nemnde samarbeidspartane ovanfor er det også aktuelt å involvere interesseorganisasjonar som lokale mållag som frivillige medhjelparar på barnebokfestane. Endeleg kviler tiltaket også på meirbruk av ressursar utvikla av aktørar som Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Vestland fylkesbibliotek, slik som til dømes ordninga med Nynorske lesegledarar.

PROGRAM
NYNORSKE LESEGLEDARAR. I samarbeid med fylkesbiblioteka og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er det utvikla eit formidlingstilbod der bibliotek, skular og andre arrangørar kan tinge besøk av nynorske lesegledarar. Nynorske lesegledarar deltek i programmet på barnebokfestane.

Lesegledar Trond Strand i aksjon på Nynorsk barnebokfest i Førdehuset 15 september 2019
1. NYNORSK BARNETEATER :
I samarbeid med regionteatret vårt Teater Vestland er nynorsk barneteater alltid ein del av tilbod på barnebokfesten
I 2018 vart «Himmelspringaren» av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus vart framført både i Førdehuset 15. september og på Oseana 16. september.
Den dagen lammet «Lilla» kjem til verda, vert det sjokk i Gullullafjøset. Ho er jo ikkje som vanlege søte kvite lam. Ho er lilla! Ingen vil vite av henne, ikkje ein gong mor hennar. Det er vondt å verte støytt ut av sine eigne, men dagen då den farlege Kvasskjeften kjem, visar Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lammekropp, sjølv om den er litt annleis enn dei andre.
Framsyninga var basert på Sissel Horndals bok med same tittel og hadde premiere 8. september 2017 på Barnas Kulturhus i Bergen.
Av og med: Monika Solheim & Adele Lærum Duus
Regi: Annicke Gill Haukås
Musikk: Hallvard Lærum
Kostyme: Marte Synnevåg

Frå ei av to framsyningar i teatersalen i Førdehuset 15 september 2018.

2. FORFATTARBESØK
Rom for ord syter for forfattarbesøk på alle barnebokfestane. Så langt har Arnfinn Kolerud, Anja Dahle Øverbye, Atle Berge, Sivert Nikolai Nesbø, Inger Lise Belsvik, Hans Sande, Anna Folkestad og Bente Bratlund vore med i programmet. Vi planlegg besøka slik at forfattarane kan vitje skular og barnehagar i dagane før eller etter festen. Dette vert gjennomført i samarbeid med lokale bibliotek og den kulturelle skulesekken.

3. EVENTYRSTUND
Teater Vestland dramatiseringar av kjende eventyr for barn på nynorsk både på barnebokfestane.

Kyrre Eikås Ottesen, skodespelar ved Sogn og Fjordane teater, dramatiserte eventyret om Møllarens son på barnebokfestane i Førde og i Sogndal .

4. KUNSTUTSTILLING OG FORMIDLING
Den prislønte illustratøren Inger Lise Belsvik viste i 2018 si jubileumsutstilling «Arken» i samband med barnebokfestane i Førde og i Sogndal. Biblioteka inviterte også barnehagar på vitjing i utstillinga i dagane før og etter barnebokfesten. I tillegg vart studentar ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogndal inviterte til faglege foredrag og omvising i utstillinga, der temaet var samspelet mellom ord og bilde i biletboka.
Kunstnaren var til stades, viste rundt og las frå bøkene sine på begge barnebokfestane.

Inger Lise Belsvik er ein omtykt formidlar som møter barnet i augehøgde. Her frå utstillinga «Arken» som vart vist på barnebokfestane i Førdehuset og i Sogndal kulturhus.

5. SKAPANDE SKRIVING

I 2018 var skapande skriving med Hans Sande eitt av tilboda i programmet.
Å opne ei diktsamling av Hans Sande er som å opne ei dør inn mot heile det underlege mangfaldet menneskelivet er. Få meistrar som Sande å balansere det konkret sansa og det fritt fabulerande, i fortetta poetisk form. I dikta hans finst vare naturskildringar og fyndige sleivspark, ømme kjærleiksdikt og desperate dikt om kjærleik som brest. Her er barsk humor, sprelske overdrivingar, naken sorg og klok livsinnsikt. Hans Sande er ein diktar som alltid er på leiting etter noko anna og usagt, og som uttrykker ein heftig kjærleik til naturen som myldrar i oss og omkring oss og på trass av oss.

I programposten ”Skapande skrivemøter” tok forfattaren utgangspunkt i eigne kreative arbeidsmåtar og denne leitinga etter noko usagt, og synte barn og unge kan ta i bruk dei same metodane for å utvikle tekstane sine i ei kreativ lei. Dette vart gjennomført både som kort-kurs på barnebokfestane og som kveldskurs i samarbeid med kulturskulane i dagane før og etter barnebokfestane.

Unge skrivande får tips til kreative skriveprosessar frå forfattaren Hans Sande.

6. Barneboktorg: Lokale bokhandlar vert inviterte inn i kulturhuset for barnebokstand med sal av nynorske barnebøker.

7. Lokalt program: Dei lokale arrangørane tilpassar programmet til sitt kulturhus og bibliotek.

Lokalt verstskap på Førdehuset, representert ved kulturhusleiar Johan Bengtsson som møtte alle besøkande i døra, delte ut program og synte vegen til dei ulike arrangementa på festen.

8. Faglege foredrag: For den vaksne mellom boka og barnet. Om verdien av høgtlesing og språkstimulering på nynorsk i barnehagen og i skulen.

10. Barnebokutstilling og boklister.
Biblioteket utarbeider tipslister for ulike aldersgrupper og har barnebokutstilling i biblioteket, i samarbeid med Nynorsksenteret.

Profil og marknadsmateriell vart utvikla for felles bruk på dei ulike arrangementsstadane, sjå vedlagt fil. Logo vert trykt på eige banner, plakat, annonse og programark. Barnebokfesten vart utvikla med støtte i eksisterande infrastruktur kring mange av biblioteka våre: Regionteater, fylkesbibliotek, den kulturelle skulesekken, nynorsksenteret og fleire. Under paraplyen Rom for ord – Nynorsk barnebokfest vil arrangementet kunne utviklast for kulturhus også i andre delar av landet der nynorsk er administrasjonsspråket og opplæringsmålet.
Barnebokfestane hadde i 2018 samla kring 700 besøkande fordelt på tre ulike kulturhus.
I tillegg kjem alle besøk i tilknyting til festane, i samarbeid med den kulturelle skulesekken, lokale bibliotek og kulturskular.
Rekneskapen er gjort opp nær balanse med inntekter og utgifter på kring 590 K. Rekneskapen tek ikkje omsyn til kostnader til aktivitetar i barnehage, skule og høgskule i tilknyting til barnebokfestane. Dette forklarar differansen på 80 K i høve opphaveleg budsjett, der kostnadane hovudsakleg er knytt til honorar til utøvarane for desse oppdraga.
Stor takk for løyvinga til dei tre barnebokfestane. Saman med støtta frå Norsk kulturhusnettverk og bidrag frå regionale og lokale samarbeidspartar var tiltaket muleg å gjennomføre som planlagt. Tiltaket er planlagt vidareført og utvida til fleire kulturhus og regionsenter i 2020, og frametter.